– Me ser at politiet glimrar med sitt fråver av og til, og då må brannmannskap ta politioppgåver. Men å pålegge mannskap å gripe inn mot personar med kniv ville eg vurdert sterkt før eg gjorde, seier brannsjef Tore Metveit i Vest-Telemark.
– Me ser at politiet glimrar med sitt fråver av og til, og då må brannmannskap ta politioppgåver. Men å pålegge mannskap å gripe inn mot personar med kniv ville eg vurdert sterkt før eg gjorde, seier brannsjef Tore Metveit i Vest-Telemark.

Brannmenn øver på stadig fleire politioppgåver

No øver brannmenn på å reagere mot personar som trugar med kniv, dersom politiet ikkje er på plass. Brannsjefen i Vest-Telemark er ikkje sikker på om han vil pålegge mannskap å gripe inn i livsfarlege situasjonar.

Fyresdølen Tore Metveit er brannsjef i Vest-Telemark, og blei med som brannmannskap i heimbygda i 1985.

– Då var ein kvalifisert til å vere med i brannvesenet om ein kunne køyre bil og sprute vatn, mimrar Metveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter den tid har det skjedd merkbare endringar i brannvesenet. Det har gått frå å vere eit friviljug brannvesen til dagens deltidsbrannvesen der folk i kommunane i Vest-Telemark er tilsett i 1,4 prosent stilling. Vidare er hjelpeinstansen døypt om til brann- og redningsvesen.

– Det betyr at me har fått fleire og fleire oppgåver. Brannmannskap må gjere ein del politiarbeid fordi politiet er fråverande, til dømes på grunn av avstandane. Me driv mellom anna med trafikkdirigering ved ulykker. Me pågrip ikkje folk som er rusa eller viser seg å vere farlege, men me kan passe på dei til politiet kjem. Og det må me nesten gjere, seier Metveit.

Livstrugande vald

I fjor kom det ut ein nasjonal prosedyre med namnet Plivo, som omtalar situasjonar der det oppstår livstrugande vald.

– Plivo handlar om oppgåver brannvesenet har drive med i lang tid utan å ha trena på å utøve dei. Me har fått klar beskjed om å øve meir no når me har fått ein prosedyre om korleis me skal handle og kva me ikkje skal gjere. Til dømes om ein høyrer skot der ein kjem, skal brann og helse trekkje seg tilbake, seier Metveit.

I fylgje nasjonal prosedyre kan brannmannskap gripe inn i situasjonar der det blir truga med kniv, om politiet ikkje er på plass.

– Vil du som brannsjef påleggje mannskapet ditt å gripe inn i knivtilfelle?

– Å pålegge dei det skulle eg vurdert sterkt før eg gjorde, svarar Metveit.

Han er klar over at brannmannskap framover kan kome i episodar med våpen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Problemet for oss leiarane i brannvesenet då er å halde att brannmannskap. For det er nok nokon som blir heite i toppen og vil gripe inn, seier Metveit.

Må ta politioppgåver

Nyleg var dei 30 brannutrykkingsleiarane i Vest-Telemark på ei seks timars praktisk øving i Seljord. Der var det situasjonar med knivtrussel, øksebruk, revolver og anna.

– Det er positivt at brannmannskap får opplæring i farlege situasjonar, for det gjorde me ikkje før. På ein grei måte fekk me denne dagen inn samarbeidsprinsippa mellom politi, brannmannskap og ambulansepersonell. Det var ein supergod kursdag. Utrykkingsleiarane i Vest-Telemark fekk betre skussmål frå leiinga for øvinga enn fulltidsbrannmenn i byen, seier Metveit.

– Er det slik i dag at brannmannskap må ta seg av for mange politioppgåver?

– Me ser at politiet glimrar med sitt fråver av og til. Me må ta politioppgåver, og har politimynde til dei kjem, svarar Metveit.

– Er det rett at brannmannskap skal ta politioppgåver?

– Nei, det kan ein spørje om, svarar brannsjefen, og let det liggje med desse orda.

Reduksjon i ambulansetenesta

Frå tidleg på 2000-talet har alle lokale brannvesen i Vest-Telemark friviljug sagt ja til å ha hjartestartar tilgjengeleg. Til dømes i Fyresdal har det vore tre tilfelle til no der ein har rykka ut med utgangspunkt i at ein må ta i bruk hjartestartaren i livreddande oppdrag, fordi brannmenn er på staden før ambulansepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me får kvart år god kursing av Norsk luftambulanse i bruk av slikt utstyr, seier Metveit.

Han synest det er greitt at brannvesenet har hjartestartar.

– Men du skal ha flaks om du reddar eit liv med hjartestartar her i regionen på grunn av avstandane, seier Meveit.

– Éin dag kan utstyret kome til nytte for eige mannskap også, legg Metveit til.

Somme brannvesen i landet, mellom anna Vinje, har friviljug blitt med på noko som heiter «Medan du ventar på ambulansen». Brannmannskap får kursing av Norsk luftambulanse i meir avansert fyrstehjelp enn ein lærer på hjartestartarkurs, om dei er på ein ulykkesstad før ambulansen. Metveit er ikkje heilt glad i denne nye ordninga.

– Ein kan risikere reduksjon av ambulansetenesta om brannvesenet tek for mange av deira oppgåver, meiner brannsjefen.

Skulering kostar flesk

I dag kan ein ikkje bli med i brannvesenet utan opplæring, som er lovpålagt. Vanleg brannmannskap må starte med eit elektronisk brevkurs som kostar 4 000 kroner, ein kostnad den enkelte kommune tek. I tillegg får personane betaling for å jobbe med kursarbeidet.

Det neste er grunnkurs, som blir halde på desentraliserte stader. Akkurat i desse dagar er 22 personar i Vest-Telemark ferdige med eit slikt kurs, som er på heile 208 timar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva? 208 timar?

– Eg lyg ikkje eg, veit du, svarar Metveit.

Kurset har både teori og praksis, og ein avsluttande eksamen som ein må bestå.

Grunnkurset har ein kostnad på 70 000 kroner per elev.

– Dette er sjølvsagt dyrt, men kurset er lagt opp etter læreplan frå Noregs brannskule, seier Metveit.

Skal ein bli utrykkingsleiar, må ein ta eit kurs til, om lag med same timetal og kostnad som grunnkurset.

For å køyre brannbilar må ein ta same sertifikat som ved køyring av lastebilar, ein kostnad på 50 000 kroner. I tillegg må ein gå på kurs for å få lov til å slå på blålyset, og avgifta her er på 20 000 kroner per person, pluss tapt arbeidsforteneste.

Kvart år i tre år får Vest-Telemark brannvesen 525 000 kroner frå staten til kursverksemd, og det er Metveit glad for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øver ikkje nok

– Har brannmannskapet i Vest-Telemark nok kursing for å utøve rollene sine?

– Det er i dag på eit minimum av det som er krava, og det er før ein tek omsyn til dei nye oppgåvene. I ei stilling på 1,4 prosent ligg det 30 timar årleg til øving, og det er ikkje nok. Me klarer ikkje å øve nok med seks øvingar i året med alt det me skal igjennom. Øvingsplanane i kommunane må reviderast og tilpassast dei arbeidsoppgåvene me har i dag, seier Metveit.

– Det blir forventa meir og meir av oss, både av styresmaktene og lokalbefolkninga. Dette fører sjølvsagt til at me må øve på fleire og andre typar hendingar enn å sløkkje brann. Me har ikkje problem med å utføre oppgåvene om me får nok øving, men då må kommunane løyve pengane som trengs for å trene nok, avsluttar brannsjefen i Vest-Telemark.

– Dette heng ikkje på greip

I eit møte i hovudutvalet for plan og miljø i Fyresdal nyleg orienterte sektorsjef Arild Metveit om at brannmannskap no mellom anna har øvd på å gripe inn i knivtilfelle om politiet ikkje er på plass.

– Dette er nok eit døme på at staten ikkje fyller si rolle som politi. Er du med i ein naudetat, må du risikere liv og helse, sa sektorsjefen.

Utvalsmedlem Thor Inge Levang (Sp) blei nesten i fyr og flamme då han høyrde at brannmenn no kan kome til å måtte ta seg av livsfarlege politioppgåver.

– Dette heng ikkje på greip. Å sende vanlege folk med inga erfaring ut på slike oppgåver! Og kva er dette starten på? No er det nesten slik at brannmenn må vurdere å trekkje seg, og at ein oppmodar til sivil ulydnad. Ein kan like godt lage pølsekiosk av lensmannskontoret med ein gong, sa Levang.

Arild Metveit peika på at med så mange funksjonar som brannvesenet skal ha no, kan det bli vanskeleg å rekruttere folk etter kvart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein burde auka talet på øvingar i brannvesenet, men det kostar pengar, sa sektorsjefen.