Sundag møtte Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) fram på kommunehuset i Treungen for å avgje røysta si. Som einaste stortingsrepresentanten frå Vest-Telemark har han sett seg ut kva regionsaker det blir viktig å jobbe med i den fjerde stortingsperioden hans.
Sundag møtte Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) fram på kommunehuset i Treungen for å avgje røysta si. Som einaste stortingsrepresentanten frå Vest-Telemark har han sett seg ut kva regionsaker det blir viktig å jobbe med i den fjerde stortingsperioden hans.

Den sanne kvardagen etter valflesket

Siste tida har me sikkert blitt servert valflesk frå politiske parti. No som valet er over serverer Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) kva som blir dei viktigaste distriktssakene for han å jobbe med framover. Han er einaste stortingsrepresentanten frå Vest-Telemark dei neste fire åra.

Det er sundag ettermiddag, dagen før stortingsvalet. Sigvald Oppebøen Hansen er på veg til kommunehuset i Treungen for å avgje stemma si i den gode gamle urna midt blant trufaste medlemer i eit valstyre som passar på at alt går rett føre seg.

Sigvald har aldri før vore med på ein så hektisk og krevjande valkamp, og det har blitt farting både dag og natt over ein lengre periode.

Artikkelen held fram under annonsen.

- På same tid har det vore ein av dei artigaste valkampane, fordi det har vore klare skiljelinjer mellom regjeringsalternativa. Dessutan har eg møtt vesttelar som tidlegare har røysta borgarleg, men som no stemmer Ap fordi partiet serverer stabile rammevilkår over fire år, fortel Oppebøen Hansen.

Samarbeid og semje

I det me tek ein prat med han er det slutt på valkampen hans. Veljarane får ikkje lenger servert kva partia står for, eller kanskje nokon vil seie at no er det slutt på å motta det som kan lukte valflesk.

- Eg likar ikkje ordet valflesk. For meg er det viktig å halde det ein lovar, seier Oppebøen Hansen.

Me inviterer han til å seie kva viktige distriktsoppgåver han vil konsentrere seg om framover. For han er det opplagt at han dei neste fire åra, og i sin fjerde periode på Stortinget, ikkje bare skal vere representant for Vest-Telemark, men for heile fylket. Saker som blir viktig for han å jobbe med når det gjeld Vest-Telemark er mellom anna at folketalet ikkje går ned.

- Det er om å gjere å sikre busettinga og næringsutviklinga i regionen. Me må ikkje la sentraliseringstanken råde, med dagens teknologi er det fullt mogleg å ha offentlege arbeidsplassar ute i distrikta. Me må i alle fall halde på dei offentlege arbeidsplassane som er der no, slike som til dømes tingretten i Kviteseid, seier den gjenvalte stortingsrepresentanten.

Han føler samarbeidet i Vest-Telemark blir betre og betre, noko han synest er bra og avgjerande for utvikling av regionen. Han meiner det er viktig å stå samla i Telemark om ein skal få gjort noko på til dømes vegfronten, og ikkje oppføre seg som det blir gjort når det er snakk om samferdselsprosjekt i Telemark – usemja svingar frå månad til månad.

Lik bensinpris

For Oppebøen Hansen blir det også viktig å jobbe med stamvegnettet og øvrige stamvegar i regionen. Han fryktar ikkje Hardangerbrua i seg sjølv, men konsekvensane av vidare planlegging når brua er på plass.

- Derfor er det så viktig med tunnelen Århus-Gvammen og tunnelane på Haukeli, presiserer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppebøen Hansen meiner det er tri viktige ting for å få folketalsutvikling: arbeid, kompetanse og kultur. Han vil slå ring om Vest-Telemark vidaregåande skule og Kvitsund gymnas. Vidare vil han styrke eit distriktpolitisk verkemiddel som Innovasjon Norge, for å få meir fart på næringsutviklinga. Dessutan går han inn for å få tilbake ordninga med fraktutjamning på drivstoff, slik at det blir tilnærma lik pris i distrikta som i sentrale strøk. Eit anna tema han er oppteken av er at kronekurs og rentenivå er avgjerande viktig for reiselivsnæringa i Vest-Telemark. Og vasskraftressursen må framleis vere på offentlege hender, ein må slå ring om heimfallsinstituttet.

Trur på kraftig auke

Me kan ikkje la vere å nemne det; under valkampen har dei fleste partia som eit av hovudtema lova eit krafttak for betre vegar. Då må vel satsinga også endeleg kome, sidan det er eit klart fleirtal på Stortinget som lovar auke på dette området?

- Det nyttar ikkje å høyre på kva politikarane seier i ein valkamp. Det viktigaste er kva dei gjer etterpå, svarar Oppebøen Hansen, og minner om at Ap ynskte ein milliard kroner ekstra til vegane i år.

- Eg vil presse på for at vegane i Telemark, som saman med Buskerud har dei desidert dårlegaste vegane i landet, får ein større del til vedlikehald. Vidare har eg tru på at det etter valkampen er mange nok parti som gjer at det kjem ein kraftig auke av vegmidlar, men mykje kjem an på kven som styrer framover, seier Oppebøen Hansen.

Han har heile tida hatt tru på at det raud-grøne alternative skal vinne valet. Resultatet etter at røystene var talde opp var ikkje klart då VTB gjekk i trykken.

Når praten med Oppebøen Hansen nærmar seg slutten, er det freistande å spørje om stortingspolitikaren frå Nissedal går med ein statsråd i magen om partiet kjem i regjering.

- Ein statsrådpost kan vere interessant i seg sjølv, men vel så interessant er kva saker du jobbar med på Stortinget. Statsrådane har makt, men same kva er det Stortinget som bestemmer, avsluttar Sigvald Oppebøen Hansen.