Skuvar vegargument i grøfta
Stortingerepresentantane Kari Lise Holmberg (H) og Bror Yngve Rahm (KrF) frå Telemark fortel både eigne regjeringsparti og samferdselsministeren om dei dårlege vegane i fylket. Førebels har argumenta blitt køyrd i grøfta frå høgste hald.
Kari Lise Holmberg gjekk kraftig ut føre sist valkamp og ville jobbe for fleire vegmidlar til Telemark. Ho skulle gjerne sett at vegstandarden var betre, noko som ho påpeikar internt i eige parti på stortinget.
Høgre ynskjer meir pengar til vegane, men regjeringa består av fleire parti. Me får ikkje gjennomslag i regjeringa. Det er hard kamp om pengane, seier Holmberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bompengefinansiering
Ho påstår at vegløyvingane har auka, men registrerer at storbyane har gått av med gevinsten. Dessutan påpeikar ho at det ikkje er stortinget som fordeler vegpengar til fylka etter at samferdselsbudsjettet er vedtatt.
Telemark kjem veldig dårleg ut av framlegget til Nasjonal transportplan, men han er heldigvis ikkje politisk behandla, held Holmberg fram.
Har ein noko erfaring for at det hjelper Telemark?
Eg har tru på at det kan hjelpe når politikarane får saka, svarar Holmberg.
Ho er ikkje så sikker på at Telemark tener på å tenkje full statleg betaling på vegane i tider der alle ropar like høgt om pengar.
Eg trur me må akseptere ein viss grad bompengefinansiering også i Telemark, seier Holmberg.
Ho har ikkje akkurat tenkt tanken til stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) om å få ei samferdselsreform.
Forslaget gjer det ikkje verre å få pengar til vegane. Ei samferdselsreform kan sikkert vere på sin plass, avsluttar Holmberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Står samla
Bror Yngve Rahm er klar over at det er eit stort etterslep på vegane i Telemark. Dette har han drøfta med samferdselsministeren ganske ofte. Førebels har det ikkje gjeve resultat.
Same kven som styrer landet kjem Telemark veldig dårleg ut. Det er midlar til vedlikehald som er utfordringa framover. Eg kjem til å gje rimeleg klar melding om kva eg er oppteken av, og vil jobbe vidare mot regjering og departement for å sikre meir pengar til vegane, seier Rahm.
Han meiner det er lagt eit viktig grunnlag når gjeldande transportplan slår fast at Telemark har den dårlegaste vegstandarden i landet.
Det er stadig større aksept for at Telemark er i ein spesiell situasjon, opplyser Rahm.
Han er ikkje utan vidare i hundre når han får høyre forslaget til Oppebøen Hansen om ei samferdselsreform.
Med planar og reformer må det bli sikra forpliktande oppfylging. Det har mangla tidlegare, seier Rahm. Han avsluttar med at Telemarksbenken står samla om fleire pengar til vegane i Telemark.