Annette Lund (29) var 18 år då ho tok over Heggland Daglegvare. I dag markerer ho tiårsjubileum.
Annette Lund (29) var 18 år då ho tok over Heggland Daglegvare. I dag markerer ho tiårsjubileum.

Feirar seg sjølv med kake og tilbod

Det var aldri tvil om at det var butikk Annette Lund ville jobbe med. Som 18-åring blei ho eigar av Heggland Daglegvare, i dag markerer butikken tiårsjubileum ved å invitere kundane på kaker, kaffi og tilbod. – Eg visste vel ikkje heilt kva eg gjekk til, men eg har aldri angra, seier Lund, som er takksam for kvar kunde og rosar familie og medarbeidarar. Daglegvarebutikken har nær dobla omsetnaden på dei ti åra, og framtida ser ljos ut for den unge eigaren.

– Det var tidleg å starte for seg sjølv, og eg visste vel ikkje heilt kva eg gjekk til, seier Annette Lund.

1. januar 1995 overtok ho som eigar av Heggland Daglegvare i Fyresdal etter onkelen Tor Lund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore lærerike år, men arbeidsamt. Eg har aldri angra, sjølv om det har hendt at eg har vore dritlei butikken, seier Annette med eit smil.

– Kva fekk ein 18-åring til å bli butikkeigar i Hegglandsgrend?

– Det har alltid vore butikkdame eg skulle bli. Eg fekk kort tenketid då onkel spurte om eg ville overta, men alternativet var å leggje ned butikken, seier ho.

– Folk rundt meg trudde eg kom til å greie det, og eg har fått utruleg mykje god hjelp, legg ho til.

Dobla omsetnad

I dag, ti år etter ho overtok, er omsetnaden nær dobla. Heggland Daglegvare omset for 5,2 millionar kroner i året. På slutten av 90-talet fekk heile bygningen eit andletslyft.

– Det såg ikkje ut, fortel ho om årsaka til at ho investerte 600.000 kroner i ny fasade.

I samband med at Annette er høggravid med sin andre unge er det også tilsett ny medarbeidar, slik at dei no er fire tilsette i ulike stillingsstorleikar. For ti år sidan sa Annette til VTB at det var berre arbeid for ein person i butikken.

– Kva skuldast denne positive utviklinga?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me blei tidleg ein del av LIVI-kjeden, noko som var heilt avgjerande. Då butikken i Veum blei lagt ned, fekk me også kundar derifrå. Me har også avtale med levering til Trollrally, og utvidinga av fangeleiren, som me også leverer til, har gjort sitt til auken, forklarar ho.

Flinke folk

Annette er opptatt av å rose medarbeidarane og familien.

– Eg har veldig flinke folk i arbeid. Det er veldig greitt å ha ei mor som alltid stiller opp, og sambuaren min er gull verdt som vaktmeister. Dessutan har eg fått veldig mykje hjelp og støtte av onkelen min, kyter ho.

90 prosent av dei handlande er faste kundar, og Annette er glad for støtta frå bygdefolket.

– Det betyr sjølvsagt utruleg mykje. Eg må takke alle kundane som har støtta meg i desse åra. Folk er flinke til å bruke nærbutikken, seier ho.

– Kor ser du deg sjølv om ti år?

– Eg er optimist og trur eg framleis driv butikken då, men ein veit aldri, seier ho.

Laurdag blir jubileet feira med ti-kroners-tilbod, marsipankake og kaffi til kundane.