I dag opnar Vinjesenteret
Nynorsk kultursentrum er klare med den første kulturinstitusjonen i Noreg som har ei fagleg tilnærming til både journalistikk og dikting.
– På Vinjesenteret kan du fordjupe deg i saksfelt som er sjeldan kost på andre museum. Utstillinga gir publikum analysar og leseopplevingar av romanar og noveller, og dessutan eit grundig innblikk i kva skjønnlitteratur og journalistikk tyder for samfunnet, seier Gaute Øvereng, fungerande direktør for Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.
Senteret ligg på fødestaden til Aasmund Olavsson Vinje. Både grenda Vinje og Vinje kommune har lange røter i nasjonalt relevant litteraturhistorie og skriftkultur. Utstillinga i senteret tek utgangspunkt i arva etter Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas, men famnar om forfattarar og journalistar frå heile landet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølve opninga av Vinjesenteret er i dag og vert heilt fri for snorklipping og lange kvite dukar.
– Vi har invitert gjester både lokalt og nasjonalt til å vere med på ein opningsfest som er i tråd med innhaldet og atmosfæren på senteret. Her blir det dikting og journalistikk, musikk og kultur med humør. Det heile vert toppa med ein stor konsert med Odd Nordstoga og band. Serveringa er sjølvsagt lokal, seier arenaleiar ved Vinjesenteret, Kristian W. Rantala.
Milepålar
Her kan du lese Aasmund Olavsson Vinje-bilaget VTB gav ut i samband med at det i 2018 var 200 år sidan Vinje blei fødd: