Rektorane Håvard Brekkå ved Kvitsund Gymnas
Rektorane Håvard Brekkå ved Kvitsund Gymnas

Super-skulane ser nye vegar

Kvitsund gymnas i Kviteseid og Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen er begge blant dei fem beste skulane i landet. No er det klart for nytt skuleår og nye undervisningsmodellar.

Kvitsund gymnas var nummer tri på karakterstatistikken for vidaregåande skular i vår. Med eit karaktersnitt på 4,4 var det bare Fagerborg videregående skole i Oslo og Oslo Katedralskole som hadde høgare snitt på standpunkt- og eksamenskarakter.

Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen hevda seg også svært godt i den landsomfattande rangeringa. Med eit karaktersnitt på 4,3, hamna skulens allmennfagline på femte plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ikkje ha eliteskular

Ingen av dei to rektorane på skulane er med på at deira skular bare er for dei flinke.

– Kvitsund har ikkje som mål å vere ein eliteskule. Offentleggjering av karaktersnittet kan skremme vekk elevar som trur Kvitsund er umogleg å kome inn på. Me har, og vil ha, elevar i alle kategoriar. Målet er meistring på sitt nivå, same kva nivå, seier Håvard Brekkå, rektor ved Kvitsund gymnas. Han får støtte av Torgrim Otterholt.

– Me vil ha ein kvalitetsskule for alle, ikkje bare for dei fagleg sterke elevane, seier rektoren ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.

Han er ikkje udelt positiv til offentleggjering av karaktersnitt og landsomfattande statistikkar.

– Det er mange verdiar som ikkje kjem fram i ein statistikk. Eg ynskjer ikkje politikarar som bare er opptekne av resultat. Sjølv om statistikken har slege positivt ut for vår del, trur eg konsekvensen kan bli eit auka karakterjag, meiner Otterholt.

Otterholt fryktar at karakterstatistikken kan gjere skular redde for å ta inn dei svakaste elevane fordi desse vil gje utslag på statistikken.

– Slik må det ikkje bli. Kvar og ein bør hjelpast på sitt nivå. Me har eit stort ansvar for ungdomane som kjem til skulen vår, seier han.

Også Kvitsund-rektoren meiner karakteroversikta skaper feil fokus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange verdiar kan ikkje bli målt og samanlikna. Me legg stor vekt på miljø og trivsel. Kvar enkelt elev skal bli sett og teken vare på, seier Håvard Brekkå.

Kvalitet i distrikta

– Kva er løyndommen bak at dei vidaregåande skulane i Vest-Telemark kjem så bra ut?

– Me er små og har høve til å ta godt vare på den enkelte eleven. Faggruppene er små og oversiktlege, og ikkje minst har me ansvarsmedvetne lærarar. Dessutan trur eg det trygge og nære miljøet ein får ved ein liten skule er med på å heve prestasjonane, seier Torgrim Otterholt. Kollegaen på Kvitsund er einig og meiner kontakten mellom lærarane og elevane er viktig for gode resultat.

– I vårt tilfelle er det nok fleire faktorar. Kvitsund er ein internatskule. Det gjer at elevane kan hjelpe kvarandre etter skuletid. Det blir óg betre kontakt mellom lærar og elev med husfar-ordninga på internatet, seier Brekkå.

– Eg trur også grendeskulane er ein viktig faktor til gode prestasjonar. Bygdeelevane drar ofte opp snittet, legg han til.

– Er det lærarane rausare med dei gode karakterane på ein liten distriktsskule?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Standpunktkarakterane samsvarar svært godt med eksamensresultata, forklarar Otterholt.

Han meiner vidare at tanken om at ein måtte reise til meir sentraliserte strok for å få best mogleg utdanning no kan avvisast ein gong for alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne statistikken viser at me er den beste offentlege skulen i Telemark. Neste Telemark-skule er Skien vidergående skole på 20. plass, kommenterer han. Otterholt trur også eit positivt møte med ein distriktsskule vil kunne føre til eit meir positivt syn på distriktet generelt.

Nye undervisningsmodellar

Sjølv om båe skulane har gode resultat, ser dei nye vegar og nye måtar og drive undervisning på. Frå skulestart byrjar Kvitsund med ny undervisningsmodell. Delar av den såkalla Kvitsund-modellen blei prøvd ut i fjor. Håvard Brekkå understrekar at modellen ikkje er ein måte å få enda betre karaktersnitt.

– Dette er ein modell me har arbeidd med i fleire år. Meir variasjon og tilrettelagt undervisning for kvar elev skal gje høgare motivasjon og betre utbytte av undervisninga, forklarar Brekkå.

Eit viktig ledd i Kvitsund-modellen er det nye auditoriet som er klart til skulestart. Dette gjev høve til å halde forelesingar med 60 elevar om gongen. Andre gonger blir klassene delt i to for gruppeundervisning. Det vil også bli lagt større vekt på det tverrfaglege. Fleire fag blir slått saman i ein fagblokk. Ein slik blokk kan innehalde for eksempel faga norsk, historie og religion.

– Det blir fort overflatisk når ein skiftar fag heile tida. I fagblokkene vil undervisninga vere variert og ein vil kunne gå djupare inn i emna. Med det tverrfaglege aspektet skal elevane sjå faga i samanheng. Dette er ein måte å førebu elevane til høgskule og universitet, seier Håvar Brekkå.

Dei kviler heller ikkje på lauvbera på Dalen. For å betre organisasjonen, vil skulen ta i bruk den såkalla Leksvik-modellen. Modellen vil gje tilnærma fast kontortid for både lærarar og elevar. Dagen vert delt opp slik at elevane arbeider i små grupper med ein lærar dei fire fyrste timane. Dei siste tri timane skal elevane jobbe meir individuelt etter ein godkjent arbeidsplan. Dette skal gjere elevane på Dalen enda betre.