Seks er smitta i Vest-Telemark
Kviteseid og Seljord melder sundag om i alt seks nye smittetilfelle.
Det er fire personar busette i Kviteseid som har fått påvist covid-19. Smittevegen skal vera kjent, og nærkontaktar er orienterte. Det er ikkje smitta eller nærkontaktar knytt til skule og barnehage.
I Seljord er det førebels to personar som er stadfesta smitta, der ein er elev på barne- og ungdomsskulen. Kommunen arbeider framleis med å nå ut til nærkontaktane. Nokre elevar vil bli testa måndag og må halda seg heime inntil dei har fått negativt prøveresultat.