Brør får ny frist på å oppfylle jordbruksvilkår
Plan- og miljøutvalet i Vinje gjev Sondre Berget og Olav Berget i Notodden ein frist til 1. juni 2022 for å oppfylle vilkåret om drenering og oppgradering av jordbruksareal på eigedomen Sudbø gard i Arabygdi gnr. 126/5,8 i tråd med innsendt plan. Arealet skal drivast, og leigast ut i tråd med reglar for driveplikt i jordlova paragraf 8.
Er ikkje dreneringa etter motteken plan utført innan den fristen, vil kommunen be Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark vurdere å pålegge søkar tvangsgebyr etter jordlova paragraf 20, står det til slutt i vedtaket, som var samrøystes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bakgrunnen for saka er at i 2018 blei Vinje kommune gjort merksam på at eitt dekar jordbruksareal på garden Sudbø i Arabygdi hadde blitt fylt att med steinmassar og oppgrusa til festivalområde og parkeringsplass. Det vart gjort utan søknad eller løyve.
For å finne ei minneleg ordning i saka – og for å kome grunneigarane, brørne Sondre Berget og Olav Berget noko i møte, vedtok plan- og miljøutvalet samrøystes løyve til omdisponering av dette jordbruksarealet til festivalområde. Det blei sett vilkår om at jordbruksarealet på gnr. 126/5,8 blir drenert og oppgradert for rasjonell landbruksdrift etter godkjent plan. Frist for oppgradering blei sett til 1. november 2020. Arealet skal drivast, og leigast ut i tråd med reglar for driveplikt i jordlova paragraf 8.
I tillegg har kommunen vedteke at Berget kan få til saman 72 000 kroner i kommunale og statlege tilskot for dei 800 metrane med lukka drengrøft som er blitt planlagt. Frist for dokumentasjon og utbetaling i høve til tilskotet blei sett til 20. august 2021.
2. juni i år etterspør kommunen informasjon om korleis det går med drenering og oppgradering av jordbruksarealet på Sudbø – og minner om fristen 1. november 2020.
– I svar same dag blir det oppgjeve at dei har prioritert anna arbeid på garden, og ikkje kome i gang med oppgradering av jordbruksarealet. Dei bed om utsett frist. Det blir så gjeve utsett frist i tråd med vedtak om tilskot. I brev 29. juli 2021 oppgjev Berget at dei må ha ytterlegare utsetting. Det blir ikkje oppgjeve kva for frist dei kan tenkje seg – men oppgjev at dei vil kjøpe inn rør og starte med dreneringa i haust. Dei vil òg planere marka – og spør om kva som må vere ferdig før ein eventuell ny frist, blir det opplyst i sakshandsaminga til landbruksrådgjevar Thor Christiansen.
I vurderinga si skriv sakshandsamaren mellom anna dette:
– Det vart gjeve eit vilkår med god tidsfrist og høge tilskot for dreneringa – 90 kroner pr meter. Det ville neppe teke ein entreprenør veldig lang tid for å få utført grøftinga – i god tid før fristen. Ut frå erfaring vil tilskotet dekkje ein stor del av denne kostnaden. Det er først når kommunen tek kontakt – eit halvt år etter fristen for vedtaket etter jordlova – at det blir opplyst at det ikkje er gjort noko og at dei treng minst to års utsetting i høve til vedtaket om vilkår.