Med låg straumpris blir nettleiga vesentleg dyrare enn straumen. Ein VTK-abonnent i Vinje melder om tre gonger meir i nettleige enn det straumen kostar. (Illustrasjonsmålar)
Med låg straumpris blir nettleiga vesentleg dyrare enn straumen. Ein VTK-abonnent i Vinje melder om tre gonger meir i nettleige enn det straumen kostar. (Illustrasjonsmålar)

Nettleige tre gonger kraftprisen

Ein VTK-abonnent meiner det er ingen grunn til å spara straum, når nettleiga kostar tre gonger så mykje som straumen.

Dette melde ein VTK-abonnent til VTB sist veke:

«Høyrde innslaget om låge straumprisar. Eg legg ved kopi av mi siste rekning frå Vest-Telemark kraftlag som viser eit forbruk på kr 956,93 og ei nettleige på kr 3050, 16, til saman kr 4007,09. Med slik fordeling mellom forbruk og nettleige meiner eg at motivasjon for straumsparing fell bort – så for min del blir det i alle høve ikkje mindre forbruk i framtida.»

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB ringjer VTK for å få forklaringa.

Låg straumpris

Thor Arne Heggtveit, avdelingsleiar i VTK, slår fast at den store skilnaden kjem av at straumprisen, den såkalla spotprisen, er låg.

Sidan denne konkrete kunden bur i Vinje, er prisen på straum der i tillegg ti prosent under spotprisen.

Heggtveit leitar opp kunden i datasystemet, og opplyser:

– I dei to månadane mai og juni som rekninga gjeld for, har denne kunden bruka 5 148 kWh (kilowattimar). Den delen av nettleiga som blir fordelt pr. kWh utgjer 2 448 kroner for denne mengda straum. I tillegg kjem fastprisen på nettleiga, 601 kroner. Prisane er inkludert avgifter (mva m.m.), forklarar han.

Når straumprisen er låg, blir differansen mellom straumpris og nettleige naturlegvis større enn når straumprisen er høg.

– Fordelinga av nettleiga mellom fastpris og pris pr. kWh betyr at viss ein sparer straum, reduserer ein også nettleiga, den delen som er knytt til kWh-forbruket, legg Heggtveit til.

Låg straumpris sidan 2011

Den nemnde spotprisen på straum har vore forholdsvis låg i fleire år. I 2011 var gjennomsnittsprisen for heile året 36 øre, pluss avgifter. Åra deretter har han vore slik: 2012: 21 øre, 2013: 29 øre, 2014: 22 øre, og til no i år: 18 øre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 1. september vil straumprisen gå endå meir ned, til 10 øre, annonserer VTK. Frå same dato aukar også nettleiga med 2 øre pr. kWh, etter vedtak i VTK-styret. Grunnen er at forbruket av straum har vore lågare enn det selskapet budsjetterte med for 2015.

– Eg skjønar at folk undrar seg over at nettleiga blir så mykje høgare enn kraftprisen. Grunnen er at kraftprisen blir regulert etter tilbod og etterspørsel, medan nettleiga er fastsett av NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat), seier Heggtveit.

Han forklarar at nettselskapa, altså dei selskapa som eig kraftlinjene, får ei ramme for kor mykje dei kan ta i nettleige. Ramma blir sett individuelt for kvart enkelt av dei 130 nettselskapa i landet, ut frå området nettet dekkjer. Grisgrendte strøk og få abonnentar pr. linje gjer at nettprisen NVE bestemmer blir høgare i Vest-Telemark enn i sentrale strøk.

Prisen på straum har derimot ingen innverknad på korleis NVE vurderer og bestemmer nettprisen. Derimot kan nettselskapet sjølv, i vårt tilfelle VTK, avgjera korleis dei vil krevje inn nettleiga innanfor den gjeven ramma, og om dei vil ta ut heile ramma. Styret for VTK har bestemt at selskapet skal ta ut maksimalt.

VTK låg i fleire år under den ramma dei fekk tildelt. Derfor har nettleiga auka med nokre prosent kvart år dei siste åra.

Nettleiga blir bruka til å vedlikehalde og fornye straumnettet.

183 millionar

- I desember 2014 opplyste Thor Arne Heggtveit til VTB at VTK tek inn 183 millionar kroner i nettleige frå abonnentane. Av dette er 68 millionar offentlege avgifter.

- VTK brukar årleg om lag 40 millionar kroner pluss moms til fornying og oppgradering av nettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Overskotet frå nettleiga utgjer mellom 5 og 10 millionar kroner pr. år.