Barnehage byter plass med dagsenter?
Interessa for å ha opp til tri år gamle nissedølar i barnehage har auka så kraftig at det blir vurdert å flytte heile barnehagen i Treungen til Mila aktivitetssenter.
Nissedalordførar Anne-Nora Oma Dahle og dei andre kommunestyrepolitikarane har villa satse på barnehageplassar i kommunen, og gjorde for ikkje lenge sidan eit vedtak om å løyve gode fire millionar til ny småbarnsavdeling i Treungen. Det vil gje 11 nye plassar ved denne barnehagen.
Etter at søkjartalet for haustens opptak for dei under tri år har blitt klart, viser det seg at nyutbygginga ikkje vil dekkje heile behovet framover.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har aldri før vore så stor interesse for plassar blant dei under tri år. Det kan ha mykje med at foreldra vil tidlegare ut i arbeid enn før. Sjølv om me byggjer ny småbarnsavdeling har me ikkje nok plassar, og dette er fortvilande, seier ordføraren.
Betre tilbod for båe
Gro Turid Midtsund, einingsleiar for oppvekst i Nissedal kommune, slår fast at behovet for barnehageplassar til dei aller minste har endra seg veldig seinare tida, som elles i Noreg. Vidare har ho fått vite at det frå nyttår kom ei ny lov som seier at om eit barn er eitt år før 1. august i opptaksåret, har det krav på barnehageplass. Per i dag er det fem søkjarar som ikkje har fått plass i Treungen barnehage.
Ordføraren fortel at både politikarane og administrasjonen i kommunen ynskjer å gje garanti om barnehageplass, også til dømes til eit barn som blei født 4. august i fjor, men som ikkje vil ha krav på plass før opptak 1. august neste år. For å kunne stå for den garantien, må ein ha nok areal til dei barnehageplassane som dukkar opp fortløpande. Døme i tillegg til barn som blir eitt år etter 1. august, er eventuelle nye innflyttarar som ikkje alt har sikra seg barnehageplass.
Midtsund har jobba på spreng med utfordringa som har dukka opp seinare tida. Ho og Kai Halvor Juva, einingsleiar teknisk, har no kome med ein idé om å vurdere ei løysing der barnehagen i Treungen byter plass med dagsenteret for funksjonshemma som held til på Mila aktivitetssenter. Vaksenopplæringa på sistnemnde stad må i tillegg flyttast, og bygget vil ikkje lenger bli leigd ut til bryllaup, fødselsdagar og andre arrangement.
Eg veit at Mila-bygget blir ei god barnehageløysing. Eg håper utgreiingar viser at dagens barnehagebygg blir ei spennande og god løysing for dagens brukarar på Mila. Det er ikkje meininga å kaste ut nokon, og me vil gjerne gjere tilbodet betre for både dagsenteret og barnehagen, seier ordførar Oma Dahle.
Ombygging
I kveld vil kommunestyret få ei orientering om ideen, og det blir drøfta om tanken er noko å fare vidare med. Fell valet på tidlegare vedtak om ny småbarnsavdeling, må ein få på plass meir areal enn fyrst tenkt, og det kan også bli snakk om å be kommunestyret gje tilleggsløyving. Kan barnehagen og dagsenteret byte plass, er det bare behov for ombygging i Mila aktivitetssenter.
Me presiserer at me er veldig tidleg i denne nye prosessen. Ting skjer, og me håper alle som ynskjer barnehageplass frå 1. august, får det, avsluttar Oma Dahle og Midtsund.