Spent, men god stemning før domen fell
Papirkrøll i teljemaskina legg ingen dempar på stemninga i teljelokalet på kommunehuset i Åmot.
I formannskapssalen i Vinje sit tre av ordførarkandidatane i Vinje rundt same bordet heile valkvelden. Jon Rikard Kleven (Sp), Børre Rønningen (Ap) og Bjørn Arne Lindskog (H) sit alle i formannskapet, som fungerer som valstyre. Avtroppande ordførar Arne Vinje (SV) sit også rundt teljekorpsbordet for siste gong.
Stemninga er god der formannskapet ventar på å høyre folkets røyst i form av papirlappar frå inntil 2932 av kommunes røysteføre. Ventetida kortar dei ned med Nonstop og kaffi. Og teljing av 365 førehandsrøyster. Førehandsrøystene for kommunevalet var ferdigtalde då VTB var innom ved femtida, og dei frå fylkestingsvalet var i full gang med å lage krøll i teljemaskina.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men kva førehandsrøystene seier blir ikkje offentleg før alle vallokala er stengt i kveld. I Vinje stenger lokala klokka åtte.
Fylg med på vtb.no i kveld for oppdaterte resultat og reaksjonar.