Bare gode grunnar for å etablere skutertraséar
I morgon tar formannskapet i Nissedal stilling til Halvor Grimstvedts søknad om dispensasjon frå kravet om reguleringsplan for å lage snøskuterløyper på Bakka og øvre Tveit. Det er bare gode argument for å etablere traséar der skuterfolket kan køyre lovleg. Eg kjem ikkje på eitt einaste motargument. Nå set eg mi lit til at formannskapet gjev oss sjansen til å etablere ein trasé for å sjå korleis han vil fungere, seier Halvor Grimstvedt.
I morgon tar formannskapet i Nissedal stilling til Halvor Grimstvedts søknad der han bed om dispensasjon frå kravet om reguleringsplan for å lage snøskuterløyper. Grimstvedt ynskjer å etablere ein ni kilometer lang skutertrasé på Bakka og øvre Tveit.
Det er bare gode argument for å etablere lovlege skutertraséar. Eg kjem ikkje på eitt einaste motargument. Nå set eg mi lit til at formannskapet gjev oss sjansen til å etablere ein trasé for å sjå korleis han vil fungere, seier Halvor Grimstvedt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mindre rus
Grimstvedt peikar på fleire forhold han meiner taler til hans fordel.
For det fyrste vil eg ha skuterkøyring inn i lovlege former. Eg er heilt sikker på at skuterkriminaliteten vil bli mindre om ein etablerer traséar der ungdom fritt kan utøve motorsporten. Eg trur faktisk det vil bli mindre kriminalitet og rus generelt dersom dette tilbodet blir ein realitet, uttalar han.
Grimstvedt ynskjer altså dispensasjon frå kravet om reguleringsplan fordi han ynskjer å prøve ut skuterløypene neste vinter. Då vil ein lettare sjå kva fordelar og ulemper eit slikt prosjekt vil føre med seg før ein eventuelt lagar ein endeleg reguleringsplan, meiner han.
I fylgje Grimstvedt kjem ikkje terrenget til å bli forstyrra om løypene blir ein realitet.
Traséane er klart avgrensa til traktorsleper. På den måten vil det ikkje bli inngrep i terrenget, hevdar han.
Grimstvedt har heller ikkje tru på at skuterkøyring i dette området vil kome i konflikt med verken ski- eller turgåarar.
Gjev etter for fylkesmannen
I eit meir langsiktig perspektiv ser Grimstvedt for seg å bruke opplevingar frå skuteren som lokkemat for nyfikne turistar.
Eg er i gang med eit større hytteprosjekt i Kyrkjebygda der eg ser for meg å drive med utleigehytter. Skal desse hyttene bli økonomisk drivverdige må me skape fleire aktivitetar enn det er i dag. Nå har lokalpolitikarane som har uttalt at dei ynskjer å satse på næring verkeleg sjansen til å vise om dei er til å stole på. Om dei ynskjer å få fart på næringsverksemd i kommunen må dei støtte søknaden, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rådmannens tilråding i saka er av ein heilt annan karakter.
Motorferdsellova gjev ikkje høve til å leggje ut snøskuterløyper med det omfanget det er søkt om. Søknaden om dispensasjon frå kravet om reguleringsplan blir avslått, heiter det i tilrådinga.
Grimstvedt meiner rådmannen gjev etter for fylkesmannens uttale der det heiter at «...det ikkje gjev høve til å leggje ut snøskuterløyper til rekreasjonskøyring av dette omfanget». Fylkesmannen syner til eit rundskriv frå Miljøverndepartementet.
Det er tydeleg at rådmannen gjev etter for fylkesmannens vurdering, men denne vurdering treng slett ikkje vera rett. Eg meiner bestemt at fylkesmannens vurdering ber preg av eit personleg syn i saka, poengterer Grimstvedt.
Fleire uttaler i saka
Etter at saka blei lagt ut for høyring, har ulike aktørar uttalt seg i saka. Finn Roksund, som representerer Veum hyttegrend, ser slik på saka: «...Det blir uttrykt uro for at skutertrafikken kan spreie seg innover heia, og slik motorisert ferdsel som fritidssyssel er ikkje noko som hyttefolk har ynskje om eller treng til. Slik køyring bør avgrensast til å lage skiløyper og til reint yrkesmessige oppgåver», heiter det i Roksunds uttale.
Også Bente Knutsen Sanden, Jon Inge Nordbø, Telemark fylkeskommune, Statens vegvesen, Arne Grimstvedt og Torgeir Grimstvedt har gjeve uttaler i saka.
Halvor Grimstvedt saknar uttale frå næringssjefen i Nissedal i denne saka.