Thomas Andresen, Michael Skarprud, Vilde Sollid og Reidar Skogheim.
Thomas Andresen, Michael Skarprud, Vilde Sollid og Reidar Skogheim.

Støttespelarar for borna på søppelberga

Heile elleve tusen kroner har elevane ved Kviteseid barneskule samla inn til borna på søppelberga i Manilla, Filippinane der kviteseidingen Eirin Foldøy Oftedal arbeider.

Og det meste kom inn i løpet av ein dag, då elevane arrangerte novemberkafé for foreldre, sysken og besteforeldre.

– Tusen takk. De er ein viktig støttespelar i arbeidet vårt på søppelberga, sa Eirin Foldøy Oftedal då ho fekk overrekt ein sjekk på 10.621 kroner frå elevane i 1.-4. klasse ved Kviteseid skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho forsikra at pengane kom godt med, og at ungane i slummen no kunne kjøpe seg diverse skulesaker, som fargeblyantar, teiknebøker og penalhus.

– Det går greitt takka vere dykk. Ein kjem langt med elleve tusen kroner der nede, sa Foldøy Oftedal medan elevane lytta engasjert.

55 kilo tyttebær

Det er andre året på rad at elevane gjev overskotet frå novemberkaféen til borna som livnærar seg på søppelberga. Elevane byrja førebuingane alt i september då dei reiste til Vrådal og plukka 55 kilo tyttebær. Dette blei rørt, fylt på glas, prisa og selt av fjerdeklassingane. Elles var det sal av vaflar og kaffi, og elles ting elevane hadde laga.

Eirin Foldøy Oftedal og ektemannen Ola jobbar på Manilla som utsendingar frå Misjonsalliansen. Eirin kunne fortelje at ungane på søppelberga sette pris på hjelpa frå skulen i Kviteseid, og at dei fekk lyst til å gje noko tilbake til nordmennene. Derfor hadde ho med seg ein innramma teikning frå eit av borna. I tillegg fekk elevane i Kviteseid filippinske flagg. No har elevane i Kviteseid planar om å sende teikningar nedover til Filippinane.

Meiningsfylt arbeid

Det var i oktober i 2004 at ekteparet reiste nedover til slummen i Manilla. Der skal dei vera i fire år. 40 prosent lever under fattiggrensa i Manilla, men det er ikkje eksakte tal på kor mange som bur i slummen. Dei lever utsett til, sidan dei bur ulovleg i skura sine. Folka får det meste i kvardagen sin frå søppelplassen dei bur midt i.

– Korleis har det fyrste året vore, samanlikna med forventningane før dykk reiste?

– Det er vanskeleg å førestille seg slikt på førehand. Men det er like spennande som me hadde trudd, og det er eit meiningsfullt arbeide, seier Eirin.

Dei arbeider mykje med kompetansebygging, og gjev mellom anna kurs innanfor helse, og hjelper også til med organisering slik at dei lokale skal stå sterkare mot styresmaktene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om dei bur midt i elende, er filippinarane positive folk. Dei er blide og ser fornøgde ut.

– Det er vel det som gjer aller mest inntrykk. Me hadde ikkje overlevd eit slikt liv, men dei smiler og gledar seg. Det er heilt utruleg å sjå, seier Eirin.

Ho medgjev at det ikkje er lett å kople ut ein slik jobb. Derfor er det viktig å kome seg bort frå Manilla i blant. I joli har dei vore heime i Noreg, men no er dei på plass att blant dei som treng hjelpa mest.