Åtte flyktningar er busette i Åmot i år
Vinje kommune har vedteke å busetje 20 flyktningar i 2016. Til no i år er to familiar med til saman åtte personar busette i Åmot. Dei er statslause palestinarar som har budd i Syria. No leiger familiane to av kommunens hus i bustadfeltet i sentrum: Sandehuset ved småskulen, og huset i Haugetuft som tidlegare har vore bruka til vaksenopplæring.
Med den syriske familien på ni som kjem til Haukeli i haust får Vinje 17 nye innbyggjarar frå Syria i år.
Artikkelen held fram under annonsen.