Helge Eide, KS. Direktør for interessepolitikk.
Helge Eide, KS. Direktør for interessepolitikk.

– Flytter oppgåver, men ikkje makt

Regjeringa vil flytta oppgåver til kommunane, men seier ikkje om vedtaksmakta skal flyttast. Og dei vil utarma fylkeskommunen, kommenterer KS om oppgåvemeldinga.

– Dette er den største overføringa av oppgåver nokosinne. Det har aldri tidlegare vore foreslått å flytta så mykje makt og så mange oppgåver til kommunane, sa statsminister Erna Solberg då regjeringa la fram stortingsmeldinga om nye oppgåver til kommunane.

Kommunestyremedlemar landet over har venta på meldinga om nye oppgåver til kommunane. Meldinga som kom fredag er eit signal om kva oppgåver kommunane bør kunna handtera i framtida. Kommunesektorens organisasjon (KS) meiner regjeringa kunne gått lenger i flyttinga av både makt og oppgåver.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lite flytting av makt

Regjeringa legg stor vekt på at kommunereforma handlar om å desentralisera og spreie makt, og at den statlege detaljstyringa skal reduserast. Førebels har dei varsla enkelte tiltak, som å redusera krava til rapportering og dokumentasjon i grunnskulen, og endringar i plan- og bygningslova. KS meiner oppgåvemeldinga seier altfor lite om korleis vedtaksmakt skal flyttast nærare innbyggjarane.

– Det er sagt at dette skal vera ei demokratireform. No er det ikkje slik at kommunane masar om fleire oppgåver, det dei ynskjer er færre bindingar på dei oppgåvene dei har, seier områdedirektør Helge Eide i KS.

Han er nøgd med formuleringane om lokaldemokrati i meldinga, men meiner at det er vanskeleg å finna ut korleis regjeringa vil redusera den statlege styringa i praksis.

– Utarmar fylkeskommunen

KS saknar dessutan meir konkret omtale av det regionale nivået. Oppgåvemeldinga foreslår flytting av oppgåver frå fylke til kommune, men har ingen forslag om oppgåveoverføring til fylkeskommunane.

– Det er snakk om ei utarming av det regionale nivået. Dette vil vera ei veldig dårleg løysing for folk flest, seier Helge Eide, og trekkjer fram forslaget om at store bykommunar kan få ansvaret for vidaregåande opplæring.

– Dersom du får ein situasjon der by og land står mot kvarandre, kan det redusera vala for elevane, seier han.

– Vi håpar og trur at Stortinget vil vera meir ambisiøse på regionane sine vegne, legg han til.

Meir heilskapleg ansvar

Erna Solberg la i si tale om oppgåvemeldinga vekt på at målet er levande lokalsamfunn og betre tenester til innbyggjarane. Dette vil regjeringa oppnå ved å flytta ansvaret for tenestene nærare innbyggjarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner la fram dei nye oppgåvene, peika han på at det er kommunane som er tettast på innbyggjarane i det daglege.

– Innbyggjarane møter kommunen på helsestasjonen, i barnehagen, på skulen og på sjukeheimen. I dag er det eit reelt problem at mange oppgåver, særleg innan velferd, er delt mellom fleire forvaltingsnivå. Då kan det ofte verta ein kamp om ressursar mellom forvaltingsnivåa. Dei som treng offentleg hjelp kan falla mellom to stolar, sa Sanner.

Han ynskjer at kommunane skal få eit meir heilskapleg ansvar for fleire velferdstenester, som rehabilitering. Ansvaret for rehabilitering er i dag delt mellom stat og kommune.

– Staten og spesialhelsetenestene vil framleis ha eit ansvar innan rehabilitering, men vi meiner at kommunane sitt ansvar kan aukast. Dei som treng rehabiliteringstenester er i veldig stor grad også i kontakt med andre kommunale tenester, påpeika han.

– Treng ikkje verta større

KS meiner at regjeringa kunne gått lenger i overføringa av oppgåver til kommunane eller fylkeskommunane. Dei saknar oppgåveoverføring på område som forsking, spesialskular, kultur, idrett, frivilligheit, klima og energi. Dei meiner vidare at kommunane må få overført langt meir ansvar for naturforvaltninga enn det regjeringa har foreslått.

Ei føresetnad for regjeringa si oppgåvemelding er at kommunane vert større. Helge Eide meiner at dagens kommunar kan overta oppgåvene som regjeringa foreslår.

– Det er dei i stand til, gitt at dei får dei ressursane som vert brukt på å løyse dei same oppgåvene i dag. Men det er ikkje sikkert at det er fornuftig at kvar enkelt kommune skal løysa alle oppgåvene åleine, seier han.

Han viser til at mange kommunar allereie har omfattande interkommunalt samarbeid, og at det vil vera naturleg å samarbeide om fleire av oppgåvene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det mest openberre eksempelet er tannhelsetenesta, som i dag ligg hos fylkeskommunen. Det er heilt hinsides å tru at kvar enkelt kommune skal løysa denne oppgåva sjølv. Det vil openbert vera ineffektivt, sjølv etter ei kommunereform, seier Eide.

Han legg til at andre oppgåver lett vil kunna bli løyst av kommunane, uavhengig av storleik.

– Dette gjeld til dømes borgarlege vigsler – ei meir kuriøs oppgåve som ikkje har vore prioritert i tidlegare utredningar, seier han.

Oppgåver som regjeringa foreslår overført til kommunane.

Velferd:

–Tannhelse

–Rehabilitering (større ansvar)

–Basishjelpemiddel

– Distriktspsykiatriske senter (forsøksordning)

– Barnevern (gjennomgang av ansvarsfordelinga)

Artikkelen held fram under annonsen.

– Familievern

– Bustadtilskot

– Varig tilrettelagt arbeid

– Arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma

– Finansiering pasienttransport

Lokal utvikling:

– Tilskot frivilligsentralar

– Forenkling av utmarksforvaltning

– Lokal nærings- og samfunnsutvikling

Artikkelen held fram under annonsen.

– Motorferdsel

– Større handlingsrom i plan- og byggesaker

– Tilskot nærings- og miljøtiltak i skogbruk

– Tilskot beite, jordbruk, verdsarv

– Konsesjonsbehandling småkraftverk

– Enkeltutsleppsløyve, forureiningslov

– Naturforvaltning

Andre oppgåver:

– Vigslerett for borgarlege vigsler

Artikkelen held fram under annonsen.

– Notarialforretningar

– Godkjenning symjeanlegg

– Sivile politioppgåver

Dei største kommunane kan få:

–Vidaregåande skular

–Kollektivoppgåver