Seljord skulemusikk er tilbake med loppemarknad på Granvin
Laurdag 23. oktober er det klart for Seljord Skulemusikk sin store loppemarknad på Granvin Kulturhus.
Mykje loppar har kome inn, så moglegheitene er store for å gjere eit kupp på møblar, bøker, porselen, måleri, klede, verktøy og alle typar utstyr og nips.
– Kanskje treng du nye ski til vinteren, ny båtmotor, eller kanskje noko heilt anna, spør Inger Noraberg i Seljord skulemusikk i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blir kafé med sal av pølser, kaffi, vaflar og kaker.
– Me håpar at mange finn vegen til Seljord og Granvin denne dagen. Ein stor gjeng av musikantar og foreldre er klare for å ta imot, avsluttar Noraberg.