Ein gard i Telemark er blant innspelingsstadene for dramakomedien Jordbrukerne.Foto: Dag Jenssen/Rubicon/NRK

Tru på Rauland-reklame i ny NRK-komedie

Turistsjefen i Rauland er nøgd med at den nye NRK-serien «Jordbrukerne» har lagt mykje av handlinga til Øyfjell og Raulandsområdet. Han trur det kan vere god reklame for området på sikt.

I åtte delar følgjer dramakomedien ei gruppe unge menn frå austkanten i Oslo, som flyttar til ein gard i Rauland i Vinje i Telemark der dei startar Noregs første halal-ysteri.

– Allereie under innspelinga såg vi positive ringverknader. Skodespelarar og personar frå filmcrewet trong tenester, og det førte til at det lokale næringslivet opplevde utvikling og vekst, fortel turistsjef Torben Andersen i Rauland Turist til avisa Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tre månader budde 40–50 menneske frå produksjonen på Rauland Høgfjellshotell i Vinje.

Turistsjefen er spent på korleis TV-serien blir tatt imot av publikum, og korleis han kjem til å påverke Rauland på sikt.

– No er det nok ikkje slik at dei kjem til å nemne Rauland gjennom heile serien. Men det er artig at handlinga i serien er skriven til å vere i Telemark. Det er god reklame for oss, fortel Andersen til avisa.

Handlinga i serien

Jordbrukerne handlar om Marwan som har mista kjærasten sin i ei bilulykke. Når foreldra hennar vil ha omsorga for dotterdottera Kiki, bestemmer han seg for å kidnappe henne til Iran, der faren hans bur. Men dei falske passa blir forseinka, og plutseleg treng dei ein stad å gøyme seg. Det blir hos barndomskameraten Adil på ein idyllisk gard i Telemark.

Det Marwan ikkje veit, er at Adil og vennene hans har lyssky planar på garden. Éin ting fører til ein annan, og meir eller mindre mot sin vilje endar gutane frå Oslo opp med å etablere Noregs første halal gardsysteri.

Les også
Stormande jubel og høg stemning på førpremieren av Jordbrukerne
Les også
Sjå fyrste smakebit frå «Jordbrukerne»

(©NPK)