Allehelgenskonserten i Kviteseid kyrkje er 7. november
I VTB fredag stod det at allehelgenskonserten i Kviteseid kyrkje var sundag 31. oktober, det er feil. Rett dato er sundag 7. november.
Då blir det konsert i kyrkja med vokalist Vidar Magnushommen, med fokus på Elvis sine songar.
Magnushommen er kjend for si varme og djupe «Elvis-stemme».
Artikkelen held fram under annonsen.
Med seg har han gjengen i «No Boots» med mellom anna Kristin Kleiv og Jan Haugen. Publikum vil i tillegg få smakebitar frå mellom anna Bob Dylan, Johnny Cash, Norah Jones og Lainey Wilson sin musikk.
Diakon Eilev Erikstein kjem også denne kvelden.