Smitteutbrotet i Seljord: I underkant av 20 smitta dei siste to vekene
Dei fleste skuleelevane i Seljord har nå testa seg. Alt i alt er i underkant av 20 smitta dei siste to vekene.
Det opplyser Seljord kommune fredag.
Beredskapsleiinga bestemte seg for ei målretta massetesting i skule og barnehage. Massetesting i skulen er gjennomført. Dei fleste elevane har testa seg. Barnehagane har frist i dag til å teste.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er kjent med at vi også har nokre smittetilfelle der, melder kommunen.
I underkant av 20 personar har testa positivt på Covid-19 dei to siste vekene.
– Me opplever no å ha ein mykje betre oversikt over smittebiletet, melder kommunen.
I ettermiddag skal beredskapsleiinga møtest for å diskutere om det er nødvendig med fleire rundar med massetesting, og eventuelt andre tiltak.
Det er ikkje grunn til å avlyse planlagde arrangement.
Dei barna som har negativ hurtigtest skal gå på skulen og andre aktivitetar som normalt.
Helsesenteret jobbar med å kontakte dei som har fått positiv test.
Kommuneoverlegen understrekar at dette ikkje er ein uventa situasjon. Samfunnet har opna opp, og dei som er i fare for å bli alvorleg sjuke av korona har fått tilbod om vaksinasjon.