Bøndene får 200 millionar ekstra i investeringsstøtte
Regjeringa aukar investeringsstøtta i jordbruket med 200 millionar kroner neste år.
Dei 200 millionane kjem som ekstra pengar over statsbudsjettet for neste år, og skal rettast særleg mot små og mellomstore bruk.
– Eg er glad for at vi har funne ekstra pengar til dette. Det betyr at endå fleire bønder kan komme i gang med nødvendige investeringar for framtida, og vi legg endå betre til rette for eit levande landbruk i heile landet, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho påpeikar at investeringsbehovet i jordbruket er stort. Fleire stader har pengane til investeringar vorte søkte på og delt ut allereie på vårparten, ifølgje landbruksministeren.
Totalt vil investeringsstøtta for neste år vere på 879,5 millionar.
(©NPK)