Høgsesong for påkøyrsle av vilt
Meir enn 10.000 hjort, elg og rådyr har blitt påkøyrde hittil i år, og tala aukar. – Det er straffbart å stikke av frå ein viltpåkøyrsel utan å seie ifrå, seier kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring.
– Mange trur at det er straffbart å køyre på vilt, men det stemmer ikkje. Det er derimot straffbart å ikkje melde ifrå, seier kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, Ole Irgens, i ei pressemelding.
I fjor var det registrerte talet påkøyrslar av hjort, elg og rådyr på norske vegar 12.500. Om ein samanliknar tala med tilsvarande periode i år, har det vore nesten to prosent auke, viser tal frå hjorteviltregisteret.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mørketida gjer det vanskelegare å sjå dei store dyra. Påkøyrsel av hjortedyr kan opplevast dramatisk, og inneber ofte store bilskadar. Seinhaust og vinter er den tida vi har flest skadesaker i samband med påkøyrslar, seier Irgens.
Om ein kjem ut for ein viltpåkøyrsel, skal ein bli på staden og varsle politi eller viltnemnda.
Fylkesoversikt viltpåkøyrsler 01.01. - 31.10.2021
Viken 3071
Innlandet 2027
Trøndelag 1659
Vestfold og Telemark 1055
Møre og Romsdal 1010
Agder 712
Vestland 675
Nordland 377
Rogaland 195
Troms og Finnmark 107
Oslo 31
Kjelde: hjorteviltregisteret.no
(©NPK)