Noregs største område for brannsamarbeid
Nyetablerte Vest-Telemark Brannvesen skal drive med førebyggjande arbeid i Noregs største område innan brannvernsamarbeid. Kommunane i regionen skal framleis ha kvar sin brannberedskap stasjonert på heimebane.
Eit førebyggjande brannsamarbeid i Vest-Telemark starta opp denne månaden. Nyetablerte Vest-Telemark Brannvesen er stasjonert i lokala til Vest-Telemark Kraftlag (VTK) i Høydalsmo.
Forslaget om nyordninga blei bringa på banen då brannsjefane i dei seks kommunane i Vest-Telemark stilte spørsmål til rådmannsutvalet i regionen om det var mogleg å få til eit brannførebyggjande samarbeid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er positivt at det kom fram ein slik idé, for ein er van med at personar sit på kvar si tuve i staden, seier Vigdis Mariedatter Gulbrandsen, rådmann i Fyresdal.
Ho har vore leiar av ei arbeidsgruppe med representantar frå kommunane som frå hausten 2003 såg nærare på å etablere eit brannvernsamarbeid. Då arbeidet var ferdig 1. april i fjor, var planen å ha ein felles brannsjef for alle dei seks kommunane, i staden for seks sjefar i ulike småstillingar.
Tilsyn og informasjon
Planen var å starte opp brannsamarbeidet 1. juli i år. Men det vart utsett ein månad for å leite etter best mogleg mannskap, og det har me fått, seier Mariedatter Gulbrandsen. Ho skal framover vere kontaktperson mellom Vest-Telemark Brannvesen og rådmannsutvalet som fungerer som eit slags styre for nyskipinga.
Hovudoppgåvene for Vest-Telemark Brannvesen blir tilsyn og informasjon. Brannsamarbeidet inneheld tri heile stillingar, og har eit årsbudsjett på 1,6 millionar kroner. 20 prosent av summen blir likt fordelt på dei seks kommunane, medan resten blir fordelt etter folketal. Tokke er vertskommune for det nye samarbeidstiltaket i regionen.
Det er ingen andre stader som har eit så stort område innan brannsamarbeid i Noreg, fortel Alexander Linn frå Rissa. Trønderen er tilsett som brannsjef, medan Tore Metveit frå Fyresdal er varabrannsjef og Rune Haugholmen frå Seljord er branningeniør.
Linn har jobba innan brannfaget sidan 1982, og har vore i Trondheim brannvesen i mange år.
Eg tenkte eg kunne få fleire kunnskapar og meiner sjølv eg har noko å bidra med som brannsjef. Derfor søkte eg på jobben i Vest-Telemark. Dette blir innmari spennande. Her skal seks kommunar dra i same retning. Brannvernsamarbeidet har eg verkeleg tru på, og løysinga kan bidra til vidareutvikling av det faglege, kollegiale og sosiale, seier Linn.
Bukken og havresekken
Mariedatter Gulbrandsen meiner det tidlegare har vore bukken og havresekken innan brannvernområdet. Det har skjedd på den måten at ein av rådmannens kollegaer har gått branntilsyn saman med henne og kome med eventuelle pålegg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med eit brannsamarbeid får me no ein høg grad av profesjonalitet. Eg trur brannførebyggjande arbeid mange plassar i Vest-Telemark tidlegare har vore venstrehandsarbeid, seier Mariedatter Gulbrandsen.
Venstrehandsarbeid blir det ikkje meir av no. Arbeidet blir fylgd opp i forhold til lovverk og reglar. Men me skal ikkje opptre som firkanta. Når me har starta for fullt, er det eit poeng å ha ein felles mal for tilsyn i regionen, held Linn fram.
Brannberedskap som i dag
Både han og dei to andre tilsette i Vest-Telemark Brannvesen ynskjer å presisere at det framover skal vere minst like god brannberedskap som i dag i kvar einaste kommune i regionen.
Linn skal ha administrativ leiing av det nye samarbeidstiltaket, og vidare ha kontakt med brannkorpsa.
Me i Vest-Telemark Brannvesen skal ikkje rykkje ut for å overta styring ved brannutrykkingar. Planen er å ha ei kommunikasjonslinje der me får beskjed om kva som føregår, og at me skal kunne gje informasjon når det trengst, opplyser Linn.
Det er ikkje for ingenting at brannsamarbeidstiltaket er stasjonert i VTK sine lokale. Under sluttprosessen der den interkommunale nyordninga blei planlagt, dukka det opp eit forslag om eit samarbeid mellom branntilsyn og eltilsyn.
Både Vest-Telemarkrådet og arbeidsgruppa er veldig positive til eit slikt forslag som kan vere ein styrke av tilsynsmyndet. Dessutan blir det meir effektivt for ein huseigar. Samarbeid om tilsyna er under uttenking. Det er ikkje mange stader i landet som har gjennomført ei slik løysing, avsluttar rådmann Vigdis Mariedatter Gulbrandsen og brannsjef Alexander Linn.