Støtteerklæring til Seljord Kunstforening

Det er trist å lese at ei livsviktig økonomisk støtte til kunstforeninga er foreslått redusert såpass at foreninga føler seg truga til nedleggelse.

Seljord Kunstforening står som ei varde i formidling av norsk samtidskunst. At den er plassert i Seljord er ikkje tilfeldig. Det er som eit resultat av eit aktivt kunstmiljø gjennom mange år. Samtidskunst er ei smal grein av samfunnets kulturmangfald, men ei grein med store bokstavar. Kan hende større enn me vil sjå avdi det er eit barometer på samfunnsutviklinga. Det å få ei kreftdiagnose er ikkje hyggeleg, men nødvendig som ei konstatering. Det å sjå baksida av samfunnsutviklingas medalje er heller ikkje hyggeleg, men nødvendig for ikkje å la seg blende til daue av den blanke framsida. Me håpar på ei løysing for Seljord Kunstforening si vidare aktivitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anna og Bjønn Lysdahl på Galleri Brøløs