Borgny S. Tøfte (t.v.), Ingrid Wangensteen, Stephen J. Walton og Torunn Raftevold Rue frå Seljord mållag meiner at nynorsken blir truga dersom Seljord blir slått saman med bokmålskommunar.
Borgny S. Tøfte (t.v.), Ingrid Wangensteen, Stephen J. Walton og Torunn Raftevold Rue frå Seljord mållag meiner at nynorsken blir truga dersom Seljord blir slått saman med bokmålskommunar.

– Språknøytral betyr i praksis bokmål

Mållaget i Seljord er kritiske til at dei kan bli ein språknøytral kommune, og ynskjer at nynorsken skal bli sikra. Mållaget meiner kommunen bør vedta ein språkleg handlingsplan før ei eventuell samanslåing.

– Om Seljord skal inn ein ny og større kommune som skal vere språknøytral betyr det i praksis bokmål, seier Borgny S. Tøfte i styret til Seljord mållag.

Ho viser til den vedtekne intensjonsavtala mellom Seljord, Hjartdal, Notodden og Sauherad der det står at «den nye kommunen skal vere språkleg nøytral og ivareta ei rimeleg fordeling mellom nynorsk og bokmål».

Artikkelen held fram under annonsen.

Då mållaget kom saman til årsmøtet blei det difor vedteke ei fråsegn om nynorsk og kommunesamanslåing som mållaget har sendt til Seljord kommune ved ordførar Halfdan Haugan.

Språkleg handlingsplan

I fråsegna står det at: «Seljord er ein av dei relativt få kommunane på Austlandet der nynorsk står sterkt både i daglegliv, skule og kommuneadministrasjon. Denne stillinga vil bli truga av aukande sentralisering av tenester i ein eventuell storkommune, særleg dersom Seljord blir ein utkant i ein bokmålskommune.

Seljord mållag vil difor oppmode kommunestyret og administrasjonen om å ta opp skriftspråk som eige tema i alle drøftingar om kommunesamanslåing for å sikre stillinga til nynorsken i så vel skule og barnehage som i den kommunale administrasjonen.

Det vil også vere tenleg om kommunen vedtek ein språkleg handlingsplan som tek sikte på å føre vidare og styrkje nynorsken i kommunen og regionen før ei samanslåing blir gjennomførd.»

Vil kjempe for nynorsken

– Viss det er slik at me er ein nynorskkommune, kan me ikkje gje frå oss dette utan kamp, seier Tøfte.

Seljord kommune blei i 2010 kåra til årets nynorskkommune i Noreg. Liv Signe Navarsete delte ut prisen, og sa at ho håpa prisen ville styrkje bruken av nynorsk både i Seljord og andre kommunar i Telemark.

Nasjonal målsetjing

Leiar i Telemark mållag, Sigbjørn Hjelmbrekke, har saman med Ingrid Wangensteen, Seljord mållag, Olav Tho, Hjartdal mållag og Mikkel Aanderaa, Nes mållag, sendt brev til kommunestyret i Seljord der dei viser til nynorsken si stilling i ein ny storkommune.

Representantane peikar på at det er ei nasjonal målsetting at ein skal ta vare på dei to skriftspråka, bokmål og nynorsk, inn i framtida. Dei meiner at den nasjonale språkpolitikken ikkje lar seg realisere utan at det ligg visse føringar for lokal praksis i kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At nynorskkommunane Seljord og Hjartdal blir språkleg slukt i ein samanslåingsprosess er i strid med nasjonal politikk, noko det var tverrpolitisk semje om under førehavinga av kommuneproposisjonen 2015. Om ein kommune er «språknøytral», er han sjeldan nøytral. Nynorsk er mindretalsspråk både nasjonalt og i ein ny kommuneadministrasjon. Det blir fort at alle malar og standardbrev berre finst på bokmål. Utan ei medviten, tospråkleg line, blir resultatet stort sett bokmål, skriv målrepresentantane i brevet.

Tospråkleg kommune

Dersom Seljord vel å gå saman med Hjartdal og Notodden i ein ny kommune meiner dei fire mållaga at den nye kommunen bør vere tospråkleg – ein kommune som eksplisitt ynskjer å ta på seg forvaltaransvaret for dei to språka.

– Den nye kommunen kan i tillegg gjere vedtak om ein eigen målbruksplan og vedta nynorsk som tenestemål, altså krevje nynorsk frå staten – noko som ville vere eit viktig signal oppover, skriv representantane.

Dei kjem også med forslag om at ulike einingar kan vere pålagt å nytte nynorsk, eller at funksjonar som er plassert i Seljord og Hjartdal skal nytte nynorsk. Om kommunen vel å utforme ein målbruksplan, ynskjer mållagsfolket gjerne å vere med å diskutere detaljane.