Morten Tungesvik (t.v.), Chandra Subba, Hanne Frosta, Henrik Langkås og Oddvin Slåttedalen vil syte for gode lokale smårettar i matteltet på Dyrsku’n.
Morten Tungesvik (t.v.), Chandra Subba, Hanne Frosta, Henrik Langkås og Oddvin Slåttedalen vil syte for gode lokale smårettar i matteltet på Dyrsku’n.

Vil servere lokale smårettar

Under Dyrsku’n vil lokale råvarer bli trylla fram til smakfulle rettar av eit eige kokketeam i pop-up-kjøkkenet.

– Matsatsinga på Dyrskun’n har blitt veldig populær, og i år presenterer me omgrepet Matlyst Dyrsku’n. Under spørjeundersøkinga i fjor svara over halvparten at dei kunne tenke seg å kome tilbake for å smake eller kjøpe lokalprodusert mat, seier prosjektleiar på Dyrsku’n, Margit Nordstoga Aasan.

Ho meiner det ikkje er så mange som kan gje eit komplett tilbod med alt frå jord til bord slik dei gjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er opptekne av kunnskapsformidling, og difor kom ideen om å lage eit pop-up-kjøkken i matteltet. Dei som stiller ut i matteltet har høve til å levere varer til kjøkkenet og kokkane lagar rettar gjestene kan smake, fortel Aasan.

Ho fortel også at Dyrsku’n har planar om å gje gjestene tilbod om oppskrifter på rettane, slik at råvarene kan bli handla inn med ein gong.

– Målet med satsinga er å auke kunnskapen og få fleire til å smake og oppleve lokalprodusert mat, seier Aasan.

Prosjektleiar på Dyrsku’n, Margit Nordstoga Aasan, gler seg til pop-up-kjøkkenet skal servere matrettar laga av lokalproduserte råvarer.
Prosjektleiar på Dyrsku’n, Margit Nordstoga Aasan, gler seg til pop-up-kjøkkenet skal servere matrettar laga av lokalproduserte råvarer.

Varer frå nærområdet

Denne veka har det blitt halde inspirasjonsdagar og prøveproduksjon av mat som vil bli servert i pop-up-kjøkkenet i regi av kokken Hanne Frosta frå Bergen.

– Me er svært glade for at Hanne tok ansvaret for kjøkkenet. Ho er genuint oppteken av mat og gode smakar, og har vunne fleire matprisar. Med seg har ho fleire kokkar og kokkelærlingar via eit samarbeid med Vest-Telemark vidaregåande skule og opplæringskontoret i Telemark, fortel Aasan.

På kjøkkenet har Frosta med seg kokken Morten Tungesvik frå Bergen, kokkelærlingen Chandra Subba frå Skien, Henrik Langkås frå Hørte som startar sisteåret ved den vidaregåande skulen i Seljord denne hausten og Oddvin Slåttedalen frå opplæringskontoret i Telemark.

– Det er moro og svært lærerikt, smiler Langkås.

Febab og kjepølse

For at kokkane skal få mest mogleg kunnskap om dei ulike lokalproduserte varene blei det også eit møte mellom kokkane og lokalmatprodusentane denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nå går me også gjennom alle rettane for å kome fram til den rette oppskrifta. Dei rette smakane. Nå skal me til dømes leggje opp fjellaure frå Aketun fisk som me skal servere med kålsalat og ertepuré. Kom og smak og sei kva de meiner, inviterte Frosta.

– Her må me leggje til litt eple, seier Tungesvik etter ein smak.

Frosta avslører vidare at dei mellom anna har laga heimelaga ketsjup, dressingar og kjepølser og dyrskugjestene kan også gle seg til ein skikkeleg febab – laga av Telemarksku.