Forskar Knut Vareide ved Telemarksforsking i Bø har laga ei næringsanalyse for heile BTV-regionen som syner at Seljord er «motorkommunen» i Vest-Telemark.
Forskar Knut Vareide ved Telemarksforsking i Bø har laga ei næringsanalyse for heile BTV-regionen som syner at Seljord er «motorkommunen» i Vest-Telemark.

Seljord står fram som «motorkommunen»

Seljord er «motorkommune» i Vest-Telemark. Det slår Telemarkforsking i Bø fast i ei næringsanalyse for BTV-regionen. Nabokommunane til Seljord i Vest-Telemark står fram meir som bustadkommunar.

Årsaka til at Seljord kjem i kategorien «motorkommune» er at det er over middel storleik på konkurranseutsett sektor i høve til talet på sysselsette i kommunen. Samstundes er det meir inn- og utpendling enn middelet. Sidan dette er relative storleikar kan både små og store kommunar bli karakteriserte som motorar.

I forskingsrapporten peiker forskar Knut Vareide på at effekten av eit veksande næringsliv ikkje treng slå ut i eit aukande folketal. Det forklarar han med at kringliggjande kommunar kan forsyne kommunen med turvande arbeidskraft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skjerma kommunar er ei anna gruppe. Desse har lite konkurranseutsett næringsliv, og samsundes lite pendling til og frå nabokommunar. Slike kommunar er avhengige av å leve av skjerma sektor, som til dømes offentleg verksemd eller som handelssentrum for omlandet. I rapporten kjem både Fyresdal og Vinje i denne gruppa.

Det er Regionsamarbeidet BTV (Buskerud, Telemark og Vestfold) som har tinga næringsanalysen frå Telemarkforsking i Bø. Knut Vareide tek for seg utviklinga frå 2000 til og med 2004. Forskaren slår fast at sentraliseringa er blitt forsterka i desse åra. Det dominerande flyttemønsteret er frå små kommunar i distrikta til store og sentrale bykommunar.

Raskare sentralisering

– Dette er ikkje noko nytt fenomen, men sentraliseringa går no raskare enn tidlegare. I 2004 minka folketalet i kommunar med mindre enn 5.000 innbyggjarar med over 0,5 prosent i middel, medan kommunar med meir enn 50.000 innbyggjarar hadde ein vekst på nesten 1,3 prosent i middel, skriv Knut Vareide.

I fleire år har Telemark fylke nesten hatt stagnasjon i folketalet. Sidan 1977 har folketalet berre auka med 3,9 prosent mot til dømes ein auke på 20,4 prosent i Vestfold fylke. Tala for 2004 fortel at den største veksten i folketal finn ein no i og ikring byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Regionar langt frå desse byene står att som taparar når det gjeld folketal.

Ser ein på folketalet i 2004 og middel årleg vekstrate dei siste ti åra, har det vore jamn attendegang i folketalet i Vest-Telemark. Rapporten peiker på at det no er lett å sjå eit klårt sentrum–periferimønster i befolkningsutviklinga.

I Telemark finst det berre fire kommunar som opplever over middels vekst. Her ligg Bø som ei øy med sterk vekst utanfor det sentrale samanhengande vekstområdet i BTV-regionen.

Dersom ein ser på utviklinga i talet på sysselsette i privat næringsliv i 2004 og for perioden 2000-2004, syner det seg at Vinje, Nissedal og Bø har den sterkaste auken i talet på private arbeidsplassar. Seljord har den sterkaste auken i privat sysselsetjing i 2004.

Offentleg sysselsetjing går attende i alle kommunane i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varig eller blaff?

I 2004 var Fyresdal, Tokke og Seljord mellom dei kommunane som opplevde vekst i sysselsetjinga. Dette til skilnad frå utviklinga i perioden 2000-2004. Men det dreiar seg om små tal, slik at det trengst minst ein femårs-periode for å avgjere om det er noko varig eller berre eit blaff.

Når det gjeld konkurranseutsett næringsliv er det berre Seljord som her ligg litt over middeltalet. Kviteseid, Fyresdal og Tokke ligg litt under middeltalet.

I rapporten er det også sett på etableringsfrekvens av ny verksemd i dei einskilde kommunane. I Vest-Telemark er det berre Seljord som er ranka mellom dei 100 beste i Noreg når det gjeld etableringsfrekvens. Seljord er nummer 90 på denne rangeringa.

Vinje og Tokke ligg over middelet for landet, medan Kviteseid er i gruppa med lågast etableringsfrekvens.

Talet på lønsame verksemder er òg granska av Telemarksforsking. Lågast lønsemd i 2004 hadde verksemder i Nissedal, Tokke og Seljord. Generelt ligg lønsemda hjå næringslivet i Telemark under landsmiddelet.

I 2004 hadde 72,0 prosent av verksemdene i Kviteseid positivt resultat. Elles var talet på lønsame verksemder i Vest-Telemark fylgjande: Vinje 67,3 prosent, Fyresdal 66,7 prosent, Seljord 65,2 prosent, Tokke 64,7 prosent og i Nissedal 55,0 prosent.

NM i næringsliv

Noreg er delt inn i 81 regionar. Kvart år blir det laga ei rangering som blir kalla NM i næringsliv. I 2004 gjer kommunane i Vest-Telemark det betre enn om ein ser dei siste fem åra under eitt. Fire indikatorar går inn i denne næringslivsindeksen: talet på lønsame verksemder, talet på verksemder med vekst, etableringsfrekvens og næringstettleik.

I denne NM-tevlinga kjem Bø høgast opp i Telemark på 17. plass i 2004. Seljord er beste kommune i Telemark når det gjeld samla næringsutvikling dei siste fem åra som nummer 24 i landet. På den liste er også Bø med. Fyresdal finn ein nedst på lista.