Investerer 6 mill. i ny verkstad
Om alt går etter planen flyttar Momrak Verkstad til nyttår inn i bygget dei kjøper på Molandsmoen ved Fyresdal sentrum.
Ved sentrum: Momrak Verkstad kjøper dette bygget av Telemark Lys AS, og kan ha verkstad i drift der til nyttår.
Utan stabil kundemasse hadde me ikkje tora å gjere ei så stor investering som me gjer no. Aslak Momrak
Artikkelen held fram under annonsen.
Attføringsverksemda Telemark Lys AS i Fyresdal sel det store bygget og noko utstyr på Molandsmoen til Momrak Verkstad for 2,2 millionar kroner.
– Hovudgrunnen til at me ikkje skal ha bygget lenger, er at me ikkje har produksjon som tidlegare. Me er godt fornøgde med at ei lokal verksemd kjem inn i bygget. Dessutan er Momrak Verkstad ein viktig samarbeidspartnar, fordi dei har tatt imot fleire frå oss til arbeidspraksis, seier dagleg leiar Halfdan Haugan i Telemark Lys AS. Attføringsverksemda skal flytte inn i næringshagen seinare i år, og der har dei ei tid drive opplæringsarenaen kafé Teisner. Vidare skal dei framover jobbe tettare med næringslivet i bygda om praksisplassar.
Seks millionar
Gunnar Momrak mek. verksted blei starta på Momrak nesten ei mil sør for Fyresdal sentrum i 1961. Gunnar bygde ut i det små med meir areal fram til 1975, då det kom eit tilbygg på 220 kvadratmeter. Tidleg på 80-talet kom det eit lakkeringsanlegg.
Sonen Aslak Momrak byrja å jobbe hos far sin i 1977. Få år seinare byrja også systera Gunhild Momrak der. Det er desse syskena som i dag driv Momrak Verkstad med stabil arbeidsstokk på sju tilsette, alle lokale.
– Me har for lite plass og bygga er noko utdaterte. Anten måtte me trappe ned for å få det greiare, eller få betre bygningsmasse å jobbe i. Utan stabil kundemasse hadde me ikkje tora å gjere ei så stor investering som me gjer no. Budsjettet for å kjøpe bygget og etablere seg der er på rundt seks millionar kroner, seierUtan sta Aslak Momrak.
Lojale kundar
Han håpar det blir greiare for kundane å ha verkstaden meir sentralt.
– Me har hatt veldig lojale og greie kundar i Vest-Telemark, og håpar å serve dei endå betre i nybygget. Eg trur ikkje bygget aukar veldig på omsetninga, men me har areal til å auke med ein eller to tilsette, seier Aslak.
Om ein månad blir produksjonshallen på Molandsmoen rydda ferdig, og då kan ein byrje på verkstadhallen. 1. september overtek ein også arealet for kontor, delelager og kundemottak. Dermed kan det liggje an til å opne verkstaden ved nyttår.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva skjer med verkstadbygget på Momrak?
– Eit godt spørsmål, og eg er open for forslag. Me må nok rive delar av det på sikt, svarar Aslak. Han har hatt heile oppveksten tett ved Momrak Verkstad, og har ikkje måtta ta mange stega til jobben sin.
– Korleis blir det å flytte arbeidsstaden?
– Knallhardt. Eg er van med 50 meter, og så blir det snart ei heil mil, humrar Aslak Momrak.