Sa eit tydeleg nei til Skagerak
Det er ikkje tvil om kva kommunestyret i Tokke meiner om å slå saman Telemark og Vestfold. Samtlege representantar sa nei.
Det låg ikkje føre noko tilråding frå konstituert rådmann Hans Kristian Lehmann i saka.
– Eg har klare meiningar, og det er at Telemark og Vestfold ikkje vil vere særleg gunstig. Får ein med Buskerud vil det vere noko anna. Helst hadde eg sett at ein kunne slå saman fjellkommunar som ei motvekt til sterke kystkommunar, kommenterte Lehman.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vedtok uttale
Trass manglande innstilling frå rådmannen førre veke vedtok formannskapet førre veke, etter framlegg frå Birgit Johanne Kovajord Olsnes (Sp), å kome med ei uttale i saka:
«Tokke kommune meiner at Telemark fylke ikkje bør slå seg saman med Vestfold fylke. Tokke kommune trur ikkje at tenestene til eit slik nytt fylke/region vil bli betre enn dagens tenester. Tokke kommune meiner vidare at den geografiske og kulturelle avstanden til Tønsberg som ny fylkeshovudstad/regionsenter blir for stor. Tokke kommune vil òg peike på at Telemark i dag er eit kjent namn både nasjonalt og internasjonalt. Det nye fylkes/region-namnet Skagerak kan på ingen måte erstatte namnet Telemark.»
– Ugreitt
Sverre Bakke (Sp) var klar på at erfaringane med Telemark fylkeskommune ikkje berre var gode. Han viste mellom anna til avtala (åttekommunars-avtala) mellom kommunane Fyresdal, Hjartdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord, Tokke, Vinje og Tinn, der overskotet frå konsesjonskrafta skulle gå til næringsfremjande tiltak.
– Eg vil berre minne om kva fylkeskommunen har gjort med oss. Me hugsar åttekommunars-avtala for nokre år tilbake. Den avtala reiste fylkeskommunen med, og i dag er det Telemark utviklingsfond (TUF) som er resultatet. Eg synest det er ugreitt. Dei ville leggje ned elektrolina på Dalen i år, det er ugreitt. Så les me om dei høge lønningane til både fylkesordføraren og andre. Eg tykkjer det også er ugreitt. Eg er ikkje på noko vis fornøgd med korleis me i Vest-Telemark blir behandla. No manglar det berre at fylkeskommunen krev basen for legehelikopteret til Skien, fordi dei har så mange legar der, sa Bakke i debatten om den eventuelle samanslåinga.
– Har dei eigentleg plass til oss i systemet sitt, undra Bakke.
Hilde Alice Vågslid (Ap), presiserte at framlegget til intensjonsavtale berre er ei utgreiing, og at ho eigentleg har lita tru på ei samanslåing.
– Eg må få lov til å forsvare fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap). Det er ikkje lett å uttale seg i denne saka, og eg trur heller ikkje det blir noko samanslåing. Eg er særs skeptisk til noko slikt, og går for framlegget til uttale som ligg føre. Så er det til slutt Stortinget som avgjer, sa ho.
Innlegga frå representantane gjekk i stor grad ut på at dei frykta for at Vest-Telemark vil forsvinne i ein region der Telemark og Vestfold slår seg saman.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er mildt sagt uheldig å erstatte Telemark med Skagerak. Får me skihopp med Skagerak-nedslag no då? Og kva med Telemarkskanalen, skjemta Olav Godtland (Ap), som var meir gira på fjellkommunetankane til Lehmann.