Ja til Telemark = nei til sentralisering

Beate Marie Dahl Eide

Ja til Telemark handlar om mykje meir enn fylkeskommunen sine tenester og organisasjon! Etter å ha fulgt debatten i ulike Telemarksmedia siste vekene har eg gjort meg nokre tankar:

Å videreføre blå sentraliseringspolitikk var definitivt ikkje det som ga regjeringsskifte og ei Sp/Ap-regjering med Ap-statsminister. Løfter om å oppløyse Viken og andre sammenslåtte fylker og ein tydeleg retorikk frå Ap på å vere i mot sentralisering og skulle endre blå politikk ga stemmer. Ap kommuniserte meir og meir som Senterpartiet og som distriktsparti til nærare valet vi kom. Folk i Telemark hadde all grunn til å tru at både Sp og Ap oppriktig ville endre kurs. Så opplever vi no at fleire sentrale Ap-politikarar ikkje berre vegrar seg for å reversere båblå sentraliseringspolitikk, men faktisk argumenterar hardt for at dette er både viktig og rett. Hadde eg stemt Ap ved forrige valg i trua på at ein ville jobbe mot sentralisering hadde eg følt meg lurt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har verkeleg Arbeiderpartiet tenkt å diskutere organisering av fylka som om at spørsmålet om eit felles fylke ikkje handlar om noko anna enn fylkeskommunen sin organisasjon? Måten vi organiserar fylka på påvirkar korleis heile samfunnet ellers organiserar seg.

Store struktur bidreg til meir sentralisering. Større strukturar gjer at færre personar skal representere fleire. Mange organisasjonar slår seg saman for å «vere lik» fylkesorganiseringa. Det gjer at færre personar får delta i utviklinga og styringa av viktige samfunnsområde.

Vi er mange som opplever at fylkeskommunen er blitt fjernare, meir byråkratisk og ein mykje meir komplisert organisasjon å forhalde seg til. Ein ønskedrøm på sikt for dei som ikkje vil ha eit regionalt nivå, men berre gigantkommunar. Å ha store fylker pressar på for større kommunar.

Det er merkbart mindre lokalkunnskap i den nye fylkeskommunen, og det blir dermed vanskelegare og meir tidkrevande å få fram lokale omsyn.

Til argumentet: «Kva har blitt endra av tenester i det nye fylket»: Heldigvis har Sp og Ap og andre raudgrøne parti styrt det nye fylket til no. Vi kan ikkje rekne med at det for alltid er eit raudgrønt fleirtal i fylkeskommunen. Tenestene hadde ikkje sett ut på samme måte om det var blåblått og Vestfold Høgre og Frp som styrte fylkeskommunen. Toneangivande representantar har meir enn ein gong sagt at ein må prioritere tenester «der det bor folk»...

Sterke stemmer tek allereie til ordet for å ha felles valgkrets til Stortinget. At eit fylke bør ha felles stortingsbenk. Det betyr at vi ikkje er sikra eigne stortingsrepresentar frå Telemark i framtida om vi framleis er saman med Vestfold.

Eit felles fylke Vestfold og Telemark styrkar bybeltet langs E18. Det er ikkje til Øvre Telemark sin fordel.

Berre eit par innspel og viktige nyansar i debatten. Å kun diskutere fylkeskommunale oppgåver, og ein visitt via statsforvaltaren, er rett og slett fordummande for debatten og eit forsøk på gjere dette spørsmålet mindre enn det er.

Artikkelen held fram under annonsen.

Summasummarum så må ein vel berre konkludere med at Ap kjørte Sp-retorikk og ville tilsynelatande ha mindre sentralisering FØR stortingsvalget. Etter å ha fått statsministeren og regjeringsmakt er vegen svært kort tilbake til å stå for samme politikk som før: ein politikk for store einingar og i praksis ei støtte til Høgrepolitikk og meir sentralisering. Det var ikkje dette velgarane stemte for. Eg håpar ikkje dette er linja Vestfold og Telemark Arbeiderparti har tenkt å legge seg på. Ja til Telemark!

Beate Marie Dahl Eide (Sp),

ordførar Seljord kommune