Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Køyrde på drektig hind – melde ikkje frå

Tysdag blei ei hind påkøyrd i Fyresdal. Sjåføren reiste frå staden utan å melde frå. Veit du eigentleg kva du skal gjere viss du køyrer på eit dyr?

Tysdag fann ein syklist ei daud drektig hind i veggrøfta ved Valebjørggardane i Fyresdal. I same området ved fylkesvegen blei det funne ein del glasbrot, som truleg stammar frå eit køyretøy.

Ein person som fekk høyre om hjorten i grøfta kontakta viltnemnda, som ikkje hadde fått melding om det døde dyret. Det hadde heller ikkje politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det står ikkje registrert noko om denne hendinga i vår vaktjournal frå Fyresdal. Det er jo ikkje så mykje som skjer oppi der, seier operasjonsleiar Gisle Småge i Sør-Aust politidistrikt. Han legg til at det er uheldig når sjåførar berre køyrer vidare.

– Generelt skal alle som er ute for slike trafikkuhell stoppe og varsle politiet, som igjen varslar lokal politinemnd, seier han.

Hjorten låg med beina under seg, noko som kan tyde på at den levde etter påkøyrsla. Dyret hadde byrja å lukte, eit teikn på at det har lege der i fleire dagar.

– Det er utruleg at det går an å køyre frå ei dyreulykke utan å seie ifrå, seier personen som har tipsa VTB.

Hjorten har no blitt tatt hand om og vil bli graven ned.

Du skal alltid melde frå

Paragraf 4 i Dyrevelferdslova tek for seg hjelpeplikta:

«Ein kvar som treffer eit dyr som openbart er sjukt, skada eller hjelpelaust, skal så langt mogleg hjelpe dyret. Viss dyret er eit dyr frå dyrehald eller storvilt, og det ikkje er mogleg å yte god nok hjelp, skal eigaren eller politiet bli varsla med ein gong. Dersom det er openbart at dyret ikkje kan leve eller bli friskt, kan den som treffer dyret avlive det med ein gong. Dyr frå dyrehald og storvilt skal ikkje bli avliva etter dette vedtaket viss det er mogleg å få tak i eigaren, veterinær eller politiet innan rimeleg tid.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Og skulle ulykka fyrst vere er ute, har Mattilsynet laga denne hjelpsame lista:

- Ta på deg markeringsvest og sikre ulykkesstaden med naudblink og varseltrekant.

- Skaff oversikt over eventuelle skadde personar, og gi fyrstehjelp. Kontakt 113 om akutt hjelp er naudsynt.

- Ring politiet på 02800, og meld frå om påkøyrsla. Du kan òg varsle kommunen.

- Merk påkøyrselsstaden – dette for å kunne spore skadde dyr seinare.

- Hjelp dyret. Dyr skal ikkje bli utsette for unødige påkjenningar eller belastningar. Forkort dyrets liding, avliv om naudsynt – om du er kompetent og i stand til det.