Nye miljøkrav skrotar skraphandlar
Etter 32 år som skraphandlar i Vrådal må Jon Myrland leggje ned Vrådal bruktomsetning på grunn av nye miljøkrav. Han meiner det er sentralisering som ligg bak når ein liten skraphandlar i distriktet får same krava som dei langt større.
I 1971 starta Jon Myrland som skraphandlar, mest på fritida. Då vrakpanten på bilane blei innført sju år seinare, byrja han i jobben på heiltid. I dag tek han ikkje bare imot bilar som skal skrotast, men sel ulike delar og militæreffektar i tillegg. Skraphandlaren i Vrådal mottek 200 bilar i året frå Nissedal, Kviteseid, Fyresdal, Drangedal og Åmli.
Nå er det på veg fleire skyer i horisonten for Myrland. I år må han fornye konsesjonen for å ta imot bilvrak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Miljøkrava for å få ny konsesjon er ganske strenge. Eg må ha fast betongdekke der det er plassert bilar. Det er minimum to mål tomt som må støypast. Dessutan må eg ha ny oljeutskiljar, fortel Myrland.
Knekkjer små verksemder
I tillegg er det krav om mykje papirarbeid for alle bilane som kjem inn. Han må notere kvar einaste liter med dei ulike væskene som er nøydde til å fjernast. I tillegg må han rapportere tal på delane som det er pålegg om å fjerne før pressinga kan ta til.
Eg er redd dette bare er ein start. Snart kan skraphandlaren bli pålagt å fjerne endå fleire delar før bilane kan pressast saman, trur Myrland.
Han har i dag 571 kroner for fire timars arbeid med å fjerne ulike ting frå ein bil, slik reglane krev. Han etterlyser ei skikkeleg betaling når det nå kjem krav om å ha betong, endå meir papirarbeid og fjerne meir frå bilen.
Miljøverndepartementet har sett nye krav som gjer at eg må leggje ned. Krava tek knekken på små verksemder. Eg føler det er urettferdig når dei har same krav til ein skraphandlar med 200 bilar som ein med 5.000. Det er sentraliseringa som ligg bak, meiner Myrland.
Hadde halde fram
Frå 2006 får bilprodusentane ansvaret for at bilane blir gjenvunne. Då reknar Myrland med at produsentane lagar eigne store mottak på sentrale plassar. Det er også ei endring som ligg i bakhovudet på skraphandlaren i Vrådal.
Myrland blir ikkje rik på å selje delar. Det salet er sterkt redusert dei siste åra. Folk må vise gamle bilar mykje oftare enn før, og dermed trur Myrland dei heller vel å kjøpe nye når kontrollen avdekkjer feil. Tidlegare kunne ein køyre i årevis utan å måtta gjennom kontroll og det var meir rift om brukte delar.
Eg har tenkt å avvikle mottaket av bilar i løpet av året. Det er litt vemodig. Eg hadde nok halde fram nokre år om ikkje dei nye krava hadde kome. Eg får prøve å leve av å køyre meir på militæreffektar framover, avsluttar ein som har motteke krav som sender arbeidsplassen hans på skraphaugen.
Artikkelen held fram under annonsen.
For dei fleste som har levert frå seg bilar i Vrådal, blir det næraste mottaket i Seljord.