Moskvafast: Onkelen hjelper Line Hamarsnes med å koma heim. Arkivfoto.

Line må få hjelp til å kome heim frå Moskva etter stamcellebehandlinga

Det blir jobba med å finne løysingar for å få Line Hamarsnes frå Rauland heim etter stamcellebehandlinga i Russland.

Det skreiv NRK Vestfold og Telemark måndag.

Ho har gjennomført stamcellebehandlinga. Nå er ho på isolat for å unngå infeksjonar. Eigentleg skal ho heim 8. mars, men stengt luftrom for russiske fly i nesten heile Europa skaper trøbbel for MS-sjuke Line Hamarsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier til NRK at ho er i grei form, men onkelen hennar Oddmar Hamarsnes hjelper henne med heimreisa.

Ho er utdanna restaurantkokk og har jobba litt som det, og litt i skiheisen på Rauland skisenter og i Øyfjell barnehage. Men med MS-sjukdomen har Line Hamarsnes vore inn og ut av sjukehus i fleire år. I Noreg får ho berre bremsemedisinar, som ikkje har hjelpt nemneverdig. Ho sa til VTB i fjor haust at stamcellebehandlinga i Moskva er siste utveg.

Det finst fleire reisevegar utanom, men onkelen hennar meiner den beste ruta går til Murmansk med fly, der ein russisk grensebuar skal køyra henne over til Kirkenes.