Kviteseid + Seljord: Overlet lokaliseringsavgjerda til politiet

Rådmann Kari Gro Espeland i Seljord tilrår kommunestyret torsdag å stø eit initiativ for at lensmannskontora i Seljord og Kviteseid blir slått saman. Vidare føreslår rådmannen at politiet plasserer samlokaliseringa der ein finn det mest formålstenleg.

I samband med samanslåing av politidistrikt er det forslag om å kutte frå 354 til 210 tenestestader i Noreg. I ein analyse Telemark politistrikt har utarbeidd er det forslag om å slå saman seks lensmannsdistrikt til ei organisatorisk eining i Vest-Telemark, med tenestestader i Åmot og i Kviteseid eller Seljord. Hovudargumentet for å slå saman tenestestader er meir tid til kjerneoppgåvene.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Sjølv om ei samlokalisering av dei to aktuelle lensmannskontora ikkje vil bli ei stor eining, kan ein likevel anta å få ein positiv effekt i form av meir tid brukt på kjerneoppgåvene,» skriv Espeland i saksutgreiinga.

Ho slår fast at trongen for nærleik til lensmannskontor er redusert etter kvart som dei sivile gjeremåla har blitt sentralisert. Rådmannen meiner dette opnar for at ein tenestestad ikkje treng å liggje i eit folkesentrum, men vere der det skulle tilsei at responstida vil vere best.

«For Seljord og Kviteseid er det gode grunnar til å ha eit kontor i båe kommunesentra, men kort avstand mellom dei to vil likevel gjere «ulempa» ved ikkje å ha lensmannskontor akseptabel. Samlokalisering av lensmannskontora i Seljord og Kviteseid vil medverke til å styrke fagmiljøet og styrke arbeidet mot kriminalitet i regionen. Større operasjonell kapasitet og mobilitet i tenesteutøvinga vil gje innbyggjarane større tryggleik mot kriminalitet i nærmiljøet,» meiner Espeland.

Ho legg til at kommuneleiinga er informert om at dei fleste tilsette på lensmannskontora i Kviteseid og Seljord har eit sterkt ynske om å slå seg saman til ei større eining snarast mogleg.

«Dei meiner at ei større eining vil gje betre teneste for publikum, betre bruk av ressursane, meir robust arbeidsmiljø og det vil bli lettare å rekruttere og behalde nye polititenestemenn,» skriv rådmannen om tilbakemeldinga.