Nesten rekord-Dyrsku
Heile 71.382 betalande personar var innanfor portane på Dyrskuplassen i helga. Dette er andre gong det er meir enn 70.000 besøkjande på Dyrskun. Rekorden er frå i fjor, med meir enn 75.000 besøkjande. Både arrangørar og politi kan fortelje om ei vellukka helg. Men Henning Thorstensen, dagleg leiar i Dyrskun Arrangement AS, meiner det framleis er plass til fleire. Spesielt sundag har me potensiale til å få inn ein del fleire, meiner Thorstensen. Årets Dyrsku inneheldt mellom anna kalvemønstring
Eg er ved godt mot, smiler Henning Thorstensen, dagleg leiar i Dyrskun Arrangement AS, dagen derpå.
Han debuterte i sjefsstolen i år, og er godt fornøgd med gjennomføringa av arrangementet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blei ingen rekord på årets Dyrsku. Men det var ikkje langt unna. Heile 71.382 løyste billett dei tri dagane. Laurdag var det meir enn 34.000 innanfor portane. Det strålande vêret i fjor gav utrulege 75.028 besøkjande.
Det er ikkje noko mål i seg sjølv å setje rekord. Me er opptekne av å lage ein god Dyrsku der folk kan trivast, og det har me klart. Så får publikumstalet bli høgare som fylgje av eit godt arrangement, meiner Thostensen.
Plass til fleire
Han tok seg tid til å gå rundt på plassen for å sjå på aktiviteten, og tilbakemeldingane var positive. Litt regnvêr på fredag la ingen dempar på årets Dyrsku.
Det var bra med folk, og tett opp til rekord. Utstillarane var fornøgd, så vêret øydela ikkje, seier Thorstensen.
Det er framleis plass til fleire på plassen, og spesielt søndag er det stort potensiale, meiner den daglege leiaren.
Trafikkavviklinga har også eit forbetringspotensialet, i fylgje Thorstensen.
Me må få bilistane raskare på plass på parkeringsplassane. Trafikken forplantar seg, slik at det blir lange køar, forklarar han, og får støtte av lensmann Torodd Aase.
Det gjekk betre enn i fjor. Me gjorde enkelte tiltak for å unngå det største kaoset, noko me lukkast med. Men det er framleis forbetringspotensial, meiner Aase.
Artikkelen held fram under annonsen.
Høg terskel
Politiet hadde ikkje meir å gjere i helga enn forventa. 11 personar måtte tilbringe natta i arresten dyrskuhelga.
Det var nokre kranglar og litt flatfyll som gjorde at dei blei sett i arresten. Men me har hatt høg terskel i helga, forklarar lensmannen.
På ungdomsfesten på Granvin var to tredjedelar på utsida. Dette skapte høg stemning og småepisodar, men politiet hadde situasjonen under kontroll.
Elles har det vore ein del uromeldingar om bikkjer som sit i varme bilar og sakna ungar.
Alt i alt har det vore ein normal Dyrsku, seier Torodd Aase.
Sjarmerte publikum
Det er ikkje alltid like lett å få ein liten kalv til å gjere som ein vil. Det fekk både Tarjei Aanestad (6) og Kathrine Jonassen (9) merke på kalvmønstringa på Dyrskun. Tarjei Aanestad frå Seljord mista tauet og kontrollen over kalven Frøya. Det enda i grusen for Tarjei, men han børsta av seg og blei lønna med fyrstepremie: T-skjorte, diplom og fjøsdress.
Eg har øva litt på å gå turar med kalven, fortel Aanestad.
Sanninga er vel at du har sete på verandaen og lese Donald medan kalven har ligge ved sida, korrigerar mamma Aud Aasne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lettare med hest
Tarjei var ein av 13 deltakarar i nybyrjarklassa på kalvemønstringa på Dyrskun. Laurdag var han med på hesteutstillinga.
Det er lettare med hest enn kalv. Hesten leiar eg i manen, forklarar seljordingen.
Seksåringen fekk fyrstepremie saman med Stina Tveit Øygarden (8) og Kathrine Jonassen.
Kathrine var på kalvemønstring i fjor også. Porsgrunnsjenta hadde litt problem med å få kalven Grynet (3 månadar) til å lystre, og ho fekk applaus då kalven la seg midt på plassen utan å ville flytte seg vidare. Det same gjentok seg litt seinare, men Kathrine tok det med eit smil og sjarmerte publikum. Tydeleg stolt tok ho imot gratulasjonar og lova at ho kom tilbake med ny kalv på neste Dyrskun.
Det er moro og ikkje så veldig vanskeleg, seier Jonassen.
Marie Fløisbonn Arnesen (11) og Vilde Mari Kals (10) frå Gjerstad fekk fyrstepremie i klassa for dei litt meir erfarne. Kalvane Staslinn og Svartlinn drog ei vogn fylt med blomar, noko som kanskje vippa sigeren i deira favør. Dei to veninnene trenar nesten dagleg.
Me gjeng tur med dei. Kalvane er veldig greie, fortel jentene.