Svein Hedtun er Olweus-inspektør i Vinje kommune. Elverådsleiar Mari Mosand
Svein Hedtun er Olweus-inspektør i Vinje kommune. Elverådsleiar Mari Mosand

Fire av fem skular med antimobbe-program

Skulane i Vinje tek oppfordringa frå Regjeringa om å eliminere mobbing i skulen på alvor. Tal frå sist vår viser at mobbing er eit mindre problem i Vinje enn landsgjennomsnittet. Likevel har fire av fem skular innført antimobbe-programet Olweus. Modellen gjev målbare resultat og både i Noreg og utlandet har mobbing blitt meir enn halvert etter at modellen blei innført.

Skulane i Edland og Rauland, og Vinje og Øyfjell oppvekstsenter, har sidan mai vore med i Olweus-programmet, eit antimobbeprogram som byggjer på tankane til den svenske professoren Dan Olweus. Svein Hedtun er Olweus-instruktør i Vinje og er ansvarleg for skulane som er omfatta av prosjektet i kommunen. Han understrekar at mobbing ikkje er eit større problem i Vinje enn andre stadar, tvert om.

– Dette er eit direkte resultat av at regjeringa har oppfordra skuleverket til å ha antimobbe-program, noko rektorkollegiet i Vinje tok på alvor, seier Hedtun, som til dagleg er lærar ved Rauland skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måle verknaden

Olweus-modellen blei sendt til kommunen som eit alternativt antimobbe-program.

– Me valte Olweus fordi det er den einaste modellen me kan etterprøve resultata og måle verknaden, fortel Hedtun.

I mai i fjor fekk dei over 200 elevane som er omfatta av prosjektet i Vinje utdelt ei spørjeundersøking med 39 spørsmål om mobbing. På førehand fekk elevane definert omgrepet «mobbing» slik at alle kunne ha den same plattforma. Svara blei så behandla av HEMIL-senteret ved Universitet i Bergen. Resultatet viste at åtte av ti elevar i Vinje likar seg godt eller svært godt på dei fire skulane. 4-5 prosent likte seg dårleg eller svært dårleg på skulane.

– Landsgjennomsnittet viser at kring 15 prosent er involvert i mobbing, då er både offera og mobbarane rekna med, informerer Hedtun.

I mai skal elevane svare på ei liknande spørjeundersøking. Deretter skal dei to undersøkingane samanliknast.

– Då er målet at mobbebiletet skal sjå annleis ut. Fokus er å eliminere mobbing, seier Hedtun.

Lærarane mest involverte

Olweus-programmet går over 18 månader og blir avslutta i januar 2005. Til no er det lærarane som har vore mest involverte i programmet. Dei er gjennom eit pedagogisk program med ti trinn som tek for seg viktige sider ved skulekvardagen som til dømes ulike former for mobbing, klasseleiing og klassereglar.

– Lærarane har samtalegrupper og møtes halvannan time kvar fjortande dag der dei har ulike tema innanfor Olweus-programmet. Deretter gjeld det å omsetje teorien til praksis, seier Hedtun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa Bondevik har innført ein femårsplan for å fjerne mobbing frå skulane. Statsråd Kristin Clemet har uttalt at ingen skal vere utsett for mobbing over lengre tid utan at ein vaksen grip inn for å stoppe problemet. Regjeringa har ein visjon om ein mobbefri skule.

– Visjonen om null mobbing må vere klar, men å fjerne det heilt er nok ein utopi, trur Hedtun.

Problem i haust

Elevane skal etter kvart vere med og vedta skulereglar mot mobbing. Dan Olweus har laga eit sett med reglar og målet er at elevane skal slutte seg til desse.

– Elevane skal vere med og diskutere reglane og målet er at elevane skal kunne desse reglane utanatt, seier Hedtun.

Mobbing var eit større problem i haust enn då undersøkinga vart gjennomført i mai. Utestenging og kommentarar om utsjånad og klede gjorde at sosiallæraren måtte gripe fatt i problemet.

– Me hadde ein konkret situasjon i haust, men det verkar som det er betre no, seier Hedtun.

Mari Mosand (10. klasse) og Kristin Larsen (9. klasse) er høvesvis elevrådsleiar og nestleiar ved Rauland skule. Dei meiner det ikkje er mykje mobbing ved skulen, men helsar antimobbe-programmet velkommen.

– Det er lite mobbing her. Etter problema i haust er me no tilbake på nivået me hadde i mai, fortel dei to.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt 400 skular har innført Olweus-programmet på landsbasis. Svein Hedtun er ein av 120 Olweus-instruktørar.

Olweus-programmet

*Tiltaksprogram mot mobbing

*Dan Olweus er professor og har forska på mobbing i lang tid

*Kring 400 skular i Noreg har innført Olweus-modellen

*Programmet har hatt god effekt i Noreg og andre land med ein reduksjon av nivået av mobbing med 30-70 prosent.

*Fire grunnleggande prinsipp:

*Engasjement frå vaksne

*Klare og faste grenser mot uakseptabel åtferd

Artikkelen held fram under annonsen.

*Bruk av ikkje-fiendtlige, negative konsekvensar ved uakseptabel åtferd

*Positive konsekvensar ved adekvat åtferd

*Tiltak på skulenivå, klassenivå og individnivå

*12,7 prosent av norske grunnskuleelevar er regelmessig utsett for mobbing

*6,4 prosent av norske grunnskuleelevar mobbar andre

Kjelde: Universitetet i Bergen