Ny rallardag på «Verket» sundag
Sundag er det klart for ny «rallardag» på «Verket» og det er 5. gong ein skipar til dette. Det er Skafså Arbeiderlag og Kvinnegruppe som er tilskipar og som før blir det sjølvsagt skodespel. Denne gongen skal ein ta for seg tida frå 1745 og 10 år framover, den tida Christian Von Koss dreiv gruvene. Svarte Koss blei han kalla, truleg for at han var ein knallhard type.