Politiet meiner dei veit kven som omkom i ulykka på E134
Ein person omkom i ei bilulykke på E134 ved Lønnestad i Seljord måndag kveld. Den omkomne er truleg ein mann i 40-åra frå Austlandet.
Lensmann Sigrid Dahl i Midt- og Vest-Telemark politidistrikt uttala til VTB torsdag ettermiddag at den omkomne framleis ikkje var formelt identifisert, men at politiet går ut frå at det er eigaren av bilen som mista livet.
– Det er ein mann i 40-åra frå Austlandet, seier Dahl og stadfestar at mannen ikkje er frå Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dahl legg til at informasjonen blir gjeve i samråd med dei pårørande.
Ulykka skjedde like før klokka 21 måndag. Klokka 21.40 melde politiet at éin person hadde omkome.
Bilen køyrde i retning Seljord. Føraren var åleine i bilen. Det var ikkje andre køyretøy involvert. Årsaka til ulykka er ikkje kjent.