Ultraløparen: Ingrid Lid frå Kviteseid har nå noregs beste tid på løpet Centurion Thames Path 100 miles.

Med 300 britar i hælane vart Ingrid nest beste kvinne og fekk 7.-plass totalt

I 16 timar og 44 minuttar sprang Ingrid Lid frå Kviteseid 161 kilometer langs elva Themsen frå ein by til ein annan i England.

– Det vart 2.-plass av kvinnene og 7.-plass totalt førre helg då eg sprang frå London til Oxford, fortel ultraløparen Ingrid Lid, som spring for BFG Bergen løpeklubb.

Løpet Lid deltok på var Centurion Thames Path 100 miles (161km) som går på ein sti langs Themsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vart ein varm, men flott tur. Eg sprang fyrste halvdelen på 7 timar og 30 minuttar, men det gjekk litt seinare på siste halvdel. Då gjekk eg litt tom og hallusinerte litt. Dei siste timane var også krevjande i mørket, og over mange jorde med kyr på, fortel ho.

Lid bruka totalt 16 timar og 44 minuttar på løpet.

– Det var 300 påmelde, og rundt 200 som fullførte løpet, legg ho til.

Lid deltok også på dette løpet i 2019, og førre helg slo ho den førre tida si med om lag 50 minuttar.

– Eg har også den beste norske tida på dette løpet nå, fortel ho glad.