Vatn: Illustrasjonsfoto.

Her kjem rekninga på 110 000 kroner. I nabokommunen kostar det 2 kroner

Dersom du skal kople bustaden på vass- og avløpsnettet i Vinje i dag må du ut med 109 998 kroner meir enn ein må i Tokke. Men dersom ein blir buande same stad i 17 år eller lengre, er Vinje den billigaste kommunen i regionen.

VTB har kartlagt kor mykje kommunane tek for påkopling til vass- og avløpsnettet. Det viser seg å vera store sprik i regionen.

– For bustader er prisen 1 krone kvar for vatn og avløp (totalt 2 kroner), men i praksis blir ikkje dette beløpet kravd inn, fortel kommunedirektør i Tokke, Finn Arne Askje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tokke er den einaste kommunen som har tilnærma gratis påkopling til nettet for bustadhus.

– Dette er eit bevisst grep kommunen har tatt for å gjere det attraktivt å byggje hus her, forklarar ordførar Jarand Felland.

Vinje er den klart dyraste kommunen, der må ein ut med 110 000 kroner – 55 000 kvar for vatn og avløp.

Garasjen: Åse Karlsen ynskjer å leggje til rette for opphaldsrom i garasjen. Ho synest avgifta for å kople seg på vatn- og avløpsnetta i kommunen er «utruleg høge».

– Eg synest det er utruleg høgt, seier Åse Karlsen.

Etter å ha betalt avgift for det nye huset ho har bygd på Rauland i 2020, må ho no ut med nye 110 000 kroner for å kople opphaldsrommet ho har bygd i andre etasje av garasjen.

– Eg har hatt hytte i Vinje kommune tidlegare, då tenkte eg ikkje særleg over avgifta. Men eg hadde trudd det var billigare når det var snakk om ordinær bustad, seier ho.

Fyresdal er kommunen med dei nest høgaste påkoplingsavgiftene, men med 54 000 kroner totalt betyr det framleis at den samla avgifta er under halvparten av Vinje. Dei tre andre kommunane, Kviteseid, Nissedal og Seljord krev høvesvis 25 000, 31 250 og 30 000 kroner for å kople bustader på vass- og avløpsnettet

Profitterer ikkje

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven fortel at avgiftsnivået er basert på kommunen sine utgifter i samband med dei tenester det blir kravd avgift for. Kommunen har ikkje lov til å tene pengar på kommunale avgifter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Utgangspunktet er eit sjølvkostreknskap. Alle kommunar i Noreg har eit sjølvkostfond, der inntektene frå avgiftene står, forklarar Kleven.

Avgiftsnivået i kommunane blir sett kvart år som ein del av budsjetthandsaminga.

– Det er vanskeleg å setje avgiftene slik at ein treffer utgiftene på krona. Nokon år vil fondet gå i pluss, andre år vil det bli underskot, men kommunane kan ikkje berre gå i pluss eller berre gå i minus i fem år på rad, forklarar Kleven.

Sjølvkostreknskap

Vassforsyning, avløpshandtering, feiing, renovasjon, byggesak mm blir finansiert heilt eller delvis gjennom gebyra frå innbyggarane (og andre eigarar av hus, fritidshus, næringsbygg mm). Den øvre ramma for gebyrinntektene frå innbyggarane er sjølvkost. Sjølvkost er den totale auken i kostnader kommunen får ved å produsere ei bestemt vare eller teneste. Kommunen har altså ikkje høve til å ta meir betalt for tenesta frå innbyggarane enn kva det faktisk kostar å levere den.

Kjelde: Vinje kommune

Storleiken på investeringar i vass- og avløpsnetta dei siste tolv åra er årsaka til dei høge påkoplingsavgiftene i kommunen.

– For tolv år sidan vedtok kommunen ein investeringsplan på 196 millionar kroner for vatn og avløp, og i løpet av perioden har det blitt bruka godt over 200 millionar på nettet. Desse opprustingane er no ferdige og har ført til at kommunen har gode og moderne høgdebasseng, seier Kleven.

– Mange kommunar heng etter og har sårbare nett, som igjen fører til risiko for vassmangel. Ettersom Vinje kommune har vore offensive i opprustinga, har ikkje me den same risikoen for dette, held ordføraren fram.

Les også
Ordføraren henta vatn til innbyggarane

Ettersom investeringane er gjennomførte og blir dekt inn, fortel ordføraren at avgiftsnivået også vil gå ned, så sant det ikkje kjem nye bustad- eller hyttefelt som skal bli kopla på nettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulike modellar

Det er også ulikskapar mellom dei ulike satsane i kommunane. Fyresdal er einaste kommune som ikkje har har lik sats for ordinære bustadhus, fritidsbustader og næringsbygg.

Kommunestyret i Kviteseid vedtok å innføre eigne satsar for fritidsbustader frå og med 2022, ein låg sats på totalt 30 000 kroner, og ein normalsats på 180 000 kroner. Nissedal har same modell, men her er den låge satsen dobbelt så høg som for ordinære bustader – 62 500. Den høge satsen i Nissedal er på 212 500 kroner for kvar.

Felles plansjef for Nissedal og Kviteseid kommunar, Sveinung Seljås understrekar at avgiftene ikkje er «hans bord i nokon av kommunane».

– Men eg meiner fritidsbustader i alle felt der utbyggar har avtale med kommunen om forlenging/utbygging av det kommunale nettet for utbyggars rekning, (heilt eller delvis) har rett til låg sats. I praksis vil eg seie at dette gjeld alle fritidsbustader i regulerte felt, seier Søljås.

I Tokke er det berre fritidsbustadene på Hallbjønnsekken sør og vest det blir kravd påkoplingsavgift for – høvesvis 27 390 og 54 765 kroner for vatn og avløp. Fritidsbustader i andre delar av kommunen har den same avgifta på 2 kroner som ordinære bustader.

Seljord og Vinje har lik sats for bustader og fritidsbustader, men eigne satsar for næringslivet, basert på storleiken på inntaksleidningen. I Vinje må ein næringslivsaktør ut med 165 000 kroner dersom bygget har eit inntak på meir enn 26 millimeter. Dersom inntaket er mindre, er avgifta den same som for bustader.

Også i Seljord betalar ein det same som for andre bygg dersom inntaket er lite nok, men her er grensa 32 mm. Deretter aukar avgifta trinnvis etter storleik opp til 110 mm eller større. Dersom eit næringsbygg har så stor inntaksledning, kostar det 420 000 kroner å kople seg på nettet.

Varslar auke i dei årlege avgiftene

Vinje er i andre enden av skalaen når det kjem til årlege kommunale avgifter. Vinbyggjen må ut med 11 703 kroner i året – det lågaste beløpet i regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nissedal er einaste kommune i Vest-Telemark med eigedomsskatt, som utgjer 2 300 av dei 18 650 kronene i figuren over. Seljord har dei høgaste årlege satsane, med 24 949 kroner. Tokke har også eit relativt høgt avgiftsnivå, med 21 496 kroner i året.

– Tokke kommune har satsa på å bygge ut nett i heile kommunen, noko som har ført til at me har anlegg som ikkje har så mange abonnentar, seier ordførar Felland om avgiftsnivået.

Ordførarar: Jarand Felland i Tokke og Jon Rikard Kleven i Vinje.

Han viser til at kommunen ikkje har eigedomsskatt og er einaste kommune i regionen som har makspris på straum. Han varslar at det kan koma ei auke i avgiftene i kommunen.

– Me skal bygge nytt anlegg på Hallbjønnsekken som må bli dekt inn.

– Kan det vera aktuelt å auke påkoplingsavgifta, eller trur du dette vil bli dekt inn frå auka årlege avgifter?

– Det vil eg tru blir fordelt på alle abonnentane, ikkje frå påkoplingsavgift, svarar ordføraren.

Dyrast på kort sikt – billigast i lengda

Dersom ein tek utgangspunkt i at ein kopla seg på vass- og avløpsnettet 1. januar 2022 og betalte påkoplingsavgift då, kan ein i animasjonen over sjå korleis utgiftene utviklar seg i dei ulike kommunane. Etter sju år, i 2028, vil Seljord ha passert Vinje som den dyraste kommunen.

I 2027 vil også Kviteseid overta som den billigaste kommunen, etter Tokke som er rimelegast på kort sikt. Kviteseid er altså mest gunstig dersom ein blir buande same stad i mellom 5 og 16 år, medan Vinje faktisk vil vera billigast dersom ein blir buande same stad i 17 år eller lengre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er naturleg at avgiftsnivået vil svinge. Me har område som må bli utbetra, men me er samstundes glade for at innbyggjarane har eit lågt avgiftsnivå, fortel ordførar i Kviteseid Bjørn Nordskog.

Retting: I ein tidlegare versjon av saka sto det at dei årlege avgiftene i Seljord var 26 350 kroner, men dette var inkludert den planlagde eigedomsskatten på 1 400 kroner. Korrekt sum er 24 494,39 kroner. Endringa vart gjort 23/05/22, klokka 09:28.