Heilt i sør: Det nye reinseanlegget er planlagt på venstre side av vegen, like før Indre Agder og Telemark avfallsselskap som ein skimtar

For eitt år sidan var prislappen 134 millionar kroner. Nå blir det skissert at investeringane rundt nytt reinseanlegg kan kome til å koste meir enn 220 millionar

For eitt år sidan blei det opplyst at investeringa rundt nytt reinseanlegg sør i Nissedal kommune ville kome på 134 millionar kroner. Nå er kostnadsramma oppe i 224,6 millionar kroner.

I juni i fjor sa eit klart fleirtal i Nissedal kommunestyre nei til at det kjem nytt reinseanlegg nær Nisser. Vedtaket blei at anlegget skal ligge på Langmoen like ved Indre Agder og Telemark avfallsselskap i Haugsjåsund. Kostnaden for investeringa var rekna til 134 millionar kroner – Nissedal skulle gå inn med 87 millionar kroner og Drangedal resten.

Fredag får Nissedal formannskap ei orientering om ein 82 siders rapport kring prosjektet. Det er gjennomført eit forprosjekt for å gjere ei vurdering av kva for hovudelement reinseprosessen skal innehalde, og eit kostnadsoverslag av valte løysingar som grunnlag for vidare detaljprosjektering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forprosjektet bygger på eit anlegg med noko større kapasitet enn det ein trudde var stort nok i første fase av utbygginga. Den store satsinga skal etter planen vere ferdig innan utgangen av 2023.

– Det er gjennom dialog med Statsforvaltaren at det har blitt påpeikt at det er naudsynt med større kapasitet, skriv sakshandsamar Kristin Kyrkjerud Vaa, einingsleiar teknisk drift i Nissedal kommune.

Kjempestor tilleggsløyving

Dei samla kostnadene for prosjektet viser at anlegget krev vesentleg høgare finansiering enn det som vart lagt inn i vedtaket om å bygge nytt reinseanlegg på Langmoen. Årsakene til auken er prisstiging, storleiken på anlegget, val av prosessar, kvalitetssikring/detaljar i prosjektet og ting som ikkje var med i anslaga som vart lagt fram for og behandla av kommunestyra i Nissedal og Drangedal i juni 2021.

Summen for det nye reinseanlegget er nå oppe i 139 700 000 kroner. Det er inkludert prisstiginga på 11 600 000 siste året.

I tillegg skal det bli lagt eit 11,2 kilometer langt avløpsleidningsanlegg frå Treungen (Myrane/Haukerhyl) til Langmoen, ein kostnad som er sett til nesten 60 millionar kroner. Det er inkludert vassleidning frå Solheia til Langmoen.

Vidare vil det koste 15 millionar kroner å bygge om fire eksisterande reinseanlegg i Nissedal kommune.

Det gjer at dagens kostnadsramme er oppe i heile 224,6 millionar kroner, av summen er 147 millionar kroner Nissedal kommune sin del.

Langt leidningsnett: Ved sida av Rv41 er det gjort hogst for å kunne legge eit leidningsanlegg frå Treungen til Langmoen, ein kostnad rekna til nesten 60 millionar kroner.

– I gjeldande økonomiplan for Nissedal kommune er prosjektet finansiert med ei total ramme på 87,2 millionar kroner. Vedlagt rapport viser ein kostnad for Nissedal kommune på kr 147 millionar kroner. Det vil då vere naudsynt med ei tilleggsløyving på 59,8 millionar kroner, skriv Vaa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sidan ein nå må byggje for større kapasitet, vil det føre til at meir av investeringskostnaden kjem i tidleg fase. Dette kan føre til ein større auke i kommunale avgifter for kundane enn først tenkt, fortset ho.

Drangedal kommunestyre får saka til orientering 9. juni. Kommunen sin del av investeringa er på 77,6 millionar kroner. Drangedal er med på satsinga sidan kloakk frå hyttene på Gautefallheia skal ned til det nye reinseanlegget på Langmoen.