Direktør Sven Kostveit er svært nøgd med at dei har knytt til seg Gerd-Liv Valla.
Direktør Sven Kostveit er svært nøgd med at dei har knytt til seg Gerd-Liv Valla.

AiR har tilsett Gerd-Liv Valla

Tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla er tilsett som brukarrepresentant ved Attføringssenteret i Rauland (AiR) . Direktør Sven Kostveit er svært nøgd med at dei har knytt til seg Valla i ti prosent stilling.

Svein Kostveit seier at målsettinga er at AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering saman med Gerd-Liv Valla skal utvikle reell brukarmedverknad i forskings- og fagutviklingsprosjekta AiR driv.

– Valla er henta inn for å sikre at brukaranes røyst faktisk vert høyrd, fortel Kostveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

AiR-direktøren nemner at institusjonens grunnfilosofi byggjer på at brukarane i stor grad skal stå i sentrum og ha ei klår rolle i eigen prosess. Slik skal brukarane medverke til si eiga tilbakeføring til arbeid. I fylgje Kostveit let brukarane av AiT seg vanskeleg plassere i dei tradisjonelle pasientorganisasjonane.

Brukaranes røyst

– Det er eit stadig aukande krav utanfrå at brukaranes røyst på ulike vis skal vere tilstade i helsevesenet, og det er eit krav me stiller oss bak. Difor har AiR lenge jobba med å knyte til seg ein brukarrepresentant opp mot vår forskings- og fagutviklingsaktivitet, fortel Svein Kostveit.

– Kvifor falt valet på den tidlegare LO-leiaren Gerd-Liv Valla?

– Ho har ein unik kombinasjon av brukarrøynsle, akademisk kompetanse og ein svært god innsikt i arbeidslina. Hjå oss skal Valla vere med å utvikle brukarperspektivet i Nasjonalt kompetansesenters prosjekt og studiar. Elles vil oppgåva vere å påverke prosjekta våre med tanke på å ivareta brukarperspektivet. Slik vert ho ein brukarressurs meir enn ein brukarrepresentant, seier Kostveit.

Sjølv AiR-brukar

Gerd-Liv Valla kjenner alt AiR frå innsida. I heile februar i år, tri år etter at ho knekte ryggen på skitur i Nordmarka, var ho sjølv brukar ved Attføringssenteret i Rauland. I fleire samanhengar har Valla fortalt at ho gjekk på ski kvar dag under Raulands-opphaldet. Ho karakteriserte behandlingsopplegget på AiR som strålande. Fysisk trening, frisk luft, faste rutinar, god mat og gruppetilhøyring, er noko av det Valla drog fram då ho var attende i hovudstaden.

No sit ho også og skriv på sine politiske memoarar. Boka kjem ut før jul.