Nasjonalt kompetansesenter: Dei statlege løyvingane til det nasjonale kompetansesenteret er sikra ut 2022. Nå oppmodar fylkespolitikarane regjeringa om å sikre det nasjonale kompetansesenteret på Rauland.

Ber regjeringa sikre det nasjonale kompetansesenteret

Det nasjonale kompetansesenteret AiR er sikra statlege midlar ut 2022, men førebels er det ikkje løyvd statlege midlar frå neste år.

NRK omtalte saka tidlegare i juni.

Nå har fylkesutvalet for utdanning og kompetanse i Vestfold og Telemark kome med ei uttale i saka. Dei oppmodar regjeringa om å sikre det nasjonale kompetansesenteret i Rauland. Utvalet var samrøystes.

Artikkelen held fram under annonsen.

I uttala til regjeringa heiter det at: «Fylkesutvalet i Vestfold og Telemark har merka seg uroa frå Rehabiliteringssenteret AIR på Rauland og framtida til det nasjonale kompetansesenteret for arbeidsretta rehabilitering. Arbeidet senteret gjer for å få menneske tilbake til arbeidslivet er av stor verdi. 4200 unge menneske mellom 16 og 25 år står utanfor arbeid og utdanning i vår region, og det krev ein enorm innsats og eit tett og godt samarbeid med fleire forvaltingsnivå for å redusere denne delen. Rehabiliteringssenteret er avgjerande for ei slik felles satsing. I tillegg er rehabiliteringssenteret ein svært viktig kompetansearbeidsplass i vår region. Fylkesutvalet i Vestfold og Telemark ber regjeringa om å sikre det nasjonale kompetansesenteret på Rauland.»

AiR er ein landsdekkande helseinstitusjon i spesialhelsetenesta og er ein del av Rehabiliteringssenteret AiR AS, ein privat ideell organisasjon som består av einingane AiR-klinikk og Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. Senteret vart etablert i 1986 og har sidan starten vore leiande innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering.

På AiR: Fylkesordførar Terje Riis-Johansen og leiar i utval for utdanning og kompetanse Mette Kalve på besøk på AiR.