Bjørg om Sneie, kunsten og kunstnarane
I tekst og bilete har Bjørg Duve samla informasjon, historie og minne knytt til husmannsplassen Sneie, bygda og Eva Bull Holtes museum i Åmotsdal.
I boka tar forfattar Bjørg Duve lesarane med for å bli betre kjent med den gamle husmannsplassen og kultursenteret Sneie og historia om kunstnaren Eva Bull Holte (1922-1993), arbeida hennar gjennom tidene og kva forhold andre har til arbeida ho skapte.
Ein blir betre kjent med museet, Åmotsdal handverkstun, det nye bygget og blikkfanget ved innkøyrsla til museet, dei historiske spela som har vore på tunet og dei mange gjesteutstillarane som har vore innom lokala i Åmotsdal. Desse utstillingane kom til etter at kunstnar Terje Grøstad tidleg på 2000-talet tok initiativ til at det skulle vere ein årleg gjesteutstillar på Sneie kvar sommar.
Artikkelen held fram under annonsen.
I boka får ein også bli betre kjent med kyrkjebyggaren Jaran Rønjom som kjøpte garden Kultan i 1784, og Rønjom-garden i 1804 – og korleis restaureringsarbeidet på Kultan har blitt gjennomført i det seinare.
Elles er kunstnarane som har stilt ut på Sneie; Kjell Nupen, Knut Flatin, Ingunn Skogholt, Karen Ingeborg Bye, Odd Skullerud, Hanne Borchgrevink, Mai-Bente Bonnevie, Irma Salo Jæger, Inger Sitter, Torhild Grøstad og Øystein Selmer omtala i boka.
Eva Bull Holtes museum i Åmotsdal opnar for sesongen 18. juni, og held ope kvar dag fram til 7. august. Årets gjesteutstillar er Edith Spira, opplyser museet.