Regnfull, men varm velkomst
Mange reknar sommaren som komen når kanalbåten kjem inn Sundkilen. Laurdag regjerte regnet, og sommaren let vente på seg. Men folket møtte likevel trufast opp på bryggja i Kviteseid for å ta i mot M/S Victoria.
Medan gjestene, kledd i regntøy eller med paraply, måtte vente nokre minuttar ekstra på ein forseinka kanalbåt smaka det med kake og kaffi på bryggjekanten tonesett av ulike marsjar frå Kviteseid hornmusikk.
Alt ute ved svingbrua, Sundkil bru, var folk møtt fram for å vinke dei fyrste gjestene opp Telemarkskanalen velkomne.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Kviteseidbyen stod ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad, klar med blomar og ei helsing til kaptein Arnold Nomme, som la kanaldronninga M/S Victoria trygt til bryggja for fyrste gong denne sesongen.
– Det er godt å vere i gang med sesongen att, smilte ein nøgd kaptein Nomme.
Medan eit godt knippe med kanalgjester gjekk av båten, retta ordføraren også merksemda mot den nye flotte gjestebryggja som nå er klar for å ta i mot mange båtgjester denne sommaren.