Sjekka promillekalkulator på nett, og køyrde heim. Så vart han stansa av politiet

Telemark tingrett har dømt ein ung vesttele for brot på vegtrafikkloven. Han får fjorten dagar i fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år, 35 000 i bot og mistar førarkortet i eitt år.

Den unge vesttelen forklarte i retten at han var på besøk hos ein kamerat og drakk tre små øl (0,33) mellom klokka 18 og 23 på kvelden. Då sjekka han ein promillekalkulator på nett der han la inn inntak og vekt, for å sjekke om han kunne køyre bil. Promillekalkulatoren oppgav at han hadde promille under 0,2. Den unge mannen forklarte også i retten at han visste at han forbrente «så og så mykje» kvar time etter drikkinga, og han kjente seg heller ikkje påverka. Derfor «visste han at han var køyrbar».

Ein kamerat som var på same stad skal ha køyrt heimover før han, og ringde til kameraten då han vart stansa av politiet. Sjølv sette han seg i bilen like etter, politiet kom etter han og stansa bilen. Han utførte blåsetest, og den gav utslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då dei kom på politistasjonen tok dei nye prøver, maskina vart då overoppheta to gonger. På veg til politistasjonen vart mannen beden om å kaste ut snusen, på stasjonen drakk han vatn, og tok av seg jakka for å senke temperaturen. Retten utelukkar at dette har påverka resultatet. Prøva som vart tatt på politistasjonen, nesten ein time etter han vart stansa, viste ei alkoholkonsentrasjon på 0,28 milligram per liter luft (alkoholkonsentrasjon i utandingslufta på 0,25 milligram per liter luft tilsvarar 0,5 promille red mrk.).

Han er tidlegare ustraffa, og sa seg ikkje skuldig i retten. Retten seier at det utvilsamt er tale om ruskøyring, køyringa utgjorde ein risiko for andre trafikantar då det i tillegg var mørkt og glatt på vegen. Retten peikar også på at det er sterke allmennpreventive omsyn i saka, då ruskøyring blant ungdom er eit betydeleg samfunnsproblem i Øvre Telemark.