12 000 besøkte Seljordfestivalen

Den 20. Seljordfestivalen i rekka blei gjennomført på Dyrskuplassen frå 6. til 10. juli.

– Gleda var stor og besøket godt. Om lag 12 000 besøkte festivalen. Av desse mange faste besøkande gjennom fleire år, i tillegg til ein del nye besøkande som kom for å svinge dansefoten, seier festivalleiar Yvonne Eilefstjønn.

Ho fortel at det tradisjon tru var tur på Telemarkskanalen, og staulstur med musikk og gode matopplevingar med Frode Aga for festivalgjestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og nye Sheriffen pub blei ein stor publikumsfavoritt med allsong og høg stemning.

Eilefstjønn fortel at tilbakemeldingane frå gjestene har vore overveldande.

– Dei rosa god musikk, mat og drikke, dans og hyggelege treff som særdeles gode opplevingar i strålande solskin på Dyrskuplassen. Det var veldig hyggeleg å ha så mange fine gjester på besøk att, og me tel alt ned til Seljordfestivalen 2023, seier Eilefstjønn.