Fann den sakna guten i morgontimane

Det blei sett i gang leiteaksjon på Rauland etter ein tenåring som hadde vore på fest i natt.

Ifylgje TA var det kameratane som melde guten sakna. Dei hadde ikkje fått tak i han på fire timar, og guten var ikkje kjent i området.

Klokka 07.00 melde politiet at guten var funnen i god form, og at leiteaksjonen blei avslutta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frivillige og hundar deltok saman med politiet. Sju mannskap frå Vinje og Haukeli Røde Kors hjelpekorps var med på leiteaksjonen.