Fjerde generasjon i gravsteinbransjen
Eide Stein frå Eide kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal har ei årrekkje levert og restaurert gravsteinar mange stader i landet. VTB møtte ein av veteranane.
– Eg har jobba med dette heile livet. Alt som gutunge var eg med far min og sette opp og restaurerte gravsteinar, smiler Per Einar Ellinggard.
Han fortel at det ikkje var uvanleg at han og far hans låg i telt rett utanfor kyrkjegardane då dei farta rundt og gjorde vedlikehaldsarbeid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sandblåsing
Når me møter Ellinggard er han i full gang med å sandblåse inskripsjonane på ein eldre gravstein på kyrkjegarden i Eidsborg.
– Me tilpassar metodane etter kva type inskripsjon og stein det er snakk om. På nye steinar er det stort sett berre dataskrift, så eg har med meg utstyr til å gjere dette også. Akkurat på denne steinen må eg sandblåse namnet for å få det betre fram etter at tidas tann har tæra på steinen, og for å få det mest mogleg lik originalen, fortel Ellinggard.
Han fortel at firmaet starta i 1904, og at den store bybrannen i januar same år truleg var ei av årsakene til firmastiftinga, sjølv om berre eitt menneske mista livet i brannen.
– Firmaet er i dag, etter ein større fusjon for nokre år sidan, det største innan sitt slag i Noreg, og Eide kommune er landets største innan steinindustri. Det er fleire firma i kommunen som driv med gravsteinar, forklarer Ellinggard, og legg til at det no er fjerde generasjon som driv firmaet.
Mykje i Vest-Telemark
Det er samarbeidet med dei ulike gravferdsbyråa som avgjer kvar Eide Stein er representert. I Vest-Telemark er dei ofte innom kyrkjegardane i Tokke, Vinje, Seljord og Kviteseid.
– Ofte tek me med oss gravstein som treng vedlikehald, men akkurat denne støtta i Eidsborg er såpass stor og tung at det var mest praktisk å gjere arbeidet på staden, fortel han.
– Korleis ser ein fin gravstein ut i dine augo?
– Det blir sjølvsagt individuelt, men eg meiner at ein stein laga i Larvikkitt kanskje er den aller flottaste. Me lagar gravsteinar av både norsk stein og importert stein. Utvalet er ganske formidabelt, seier Ellinggard, før han startar kompressoren og held fram med sandblåsinga.