Bønder som leverar kjøt til Norsk Pilmeni skal få ein høgare kilopris, lovar Jon Holm. Han inviterer også kjøtprodusentar til å investere i selskapet.
Bønder som leverar kjøt til Norsk Pilmeni skal få ein høgare kilopris, lovar Jon Holm. Han inviterer også kjøtprodusentar til å investere i selskapet.

Betre pris for kjøt til russisk gourmetmat

I eit brev frå frosenmat-firmaet Norsk Pilmeni i Seljord skal bønder i Telemark få ein høgare kilopris på kjøtet som vert levera til produksjon av den russiske gourmet-retten pilmeni. Bøndene blir også inviterte til å teikne aksjar i selskapet. SND set krav om 1,5 millionar kroner i aksjekapital. Til no er ein million sikra. Det manglar altså 500.000 kroner for å koma i gang. Jon Holm i Norsk Pilmeni er optimistisk og trur på produksjonsstart i løpet av hausten.

Det er ekteparet Jon og Nadia Holm som står bak føretaket. Saman med Hans Olav Omtveit og Morten Olav Dyrud i Seljord Invest har dei ein aksjekapital på rundt ein million kroner. SND har gjeve støtte på 750.000 kroner, og krev ein aksjekapital på 1,5 millionar kroner. Det er difor Norsk Pilmeni nå søkjer fleire investorar.

Storproduksjon

Pilmeni er russisk gourmet-mat som består av to tredelar svin- og oksekjøt, og ein tredel deig. Retten skal seljast frosen, og etter bare fem minuttar i kokande vatn skal pilmenien vere klar for servering. Produksjonsstart er planlagt i september og håpet er at det kan etablerast fem til sju arbeidsplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om me ikkje er i gang alt i september, er eg i alle fall sikker på me skal klare ein produksjonsstart i løpet av hausten, seier Jon Holm. Han er oppgjeven over kravet frå SND om ein aksjekapital på 1,5 millionar.

– Det er eit urimeleg høgt krav i høve til investeringa, hevdar Holm. Likevel er han optimistisk på vegne av prosjektet som han har arbeidd for i lang tid.

På sikt er planen at opptil 25 personar skal arbeide i produksjonen på Århusmoen i Seljord. I brevet til kjøtprodusentane i Telemark står det at ein reknar med eit utbyte på heile 15 til 20 prosent frå 2005.

Treg start

Nokre bønder har teikna aksjer i Norsk Pilmeni, men førebels har ikkje invitten frå selskapet ført til nokon straum av interessentar. Styreleiar i Norsk Pilmeni Hans Olav Omtveit har likevel håp om at fleire skal teikne aksjar i selskapet.

– Bøndene er forsiktige. Nokre har teikna seg, og eg håpar fleire kjem til nå som ferietida snart er over, kommenterer Omtveit.

Skal prosjektet vere liv laga, treng selskapet meir aksjekapital. Hans Olav Omtveit meiner kravet frå SND om ein aksjekapital på 1,5 millionar er i overkant. Dessutan jobbar ein med å lempe på nokre av dei andre vilkåra SND har sett. Mellom anna krev SND at huseigar skal stille huset i pant for leigetakaren. Avtale med eit distribusjonsselskap om distribusjon av varene er heller ikkje i hamn. Å få innpass i dei store matvarekjedene er eit anna kritisk punkt.

– Me jobbar med saka, seier Omtveit. Han meiner prosjektet er svært lovande dersom produktet kjem inn på marknaden. Per i dag trur han sjansen for å kome i gang er 50-50.

Hjå SND held ein fast på krava som er stilt til Norsk Pilmeni, men kontorsjef Sigurd Holtskog ved SND Telemark seier det kan bli aktuelt med ei ny vurdering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom prosjektet endrar finansiell karakter, det vil seie dersom kostnadsoverslaget blir nedjustert, kan me vurdere å endre vilkåra, kommenterer han. Han understrekar at det ikkje ligg føre slike endringar i dag.

Bonde og organisasjonskonsulent for Gilde Fellesslakteriet, Børge Slettebø i Seljord, har enno ikkje bestemt seg for om han skal kjøpe aksjar.

-– Eg vurderer det. Bondestanden er generelt forsiktig. Eg har inntrykk av at mange har lyst, men at det også er ein viss skepsis, seier Slettebø.

Meirverdi til bonden

I brevet bøndene har motteke frå Norsk Pilmeni vert dei lova ein høgare pris per kilo kjøt som dei leverer til Seljordfirmaet via Gilde Fellesslakteriet. Dette er ein del av det såkalla «Verdiskapningsprogrammet for mat» ved SND.

Sigurd Holtskog i SND forklarar at meirverdien av råvarene skal tilbakeførast til produsenten.

– Det er eit kvalitetsstempel at produktet kun skal nytte kjøt frå Telemark, seier Holtskog.

Det er Norsk Pilmeni som skal punge ut med ein høgare kilopris til bonden.

– Me skal betale ein meirverdipris til Gilde som Gilde igjen skal betale vidare til bøndene. Bonden vil motta meirverdiprisen frå fyrste kilo, fortel Jon Holm i Norsk Pilmeni. Han understrekar at den einaste årsaka til ordninga er å sikre kvalitet på produktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal ha kvalitet i alle ledd. Frå bonden via slakteriet til produksjonen. At kjøtet kjem frå Telemark er noko me kjem til å marknadsføre for alt det er verdt, seier Holm.

Det lukkast ikkje VTB å få ein kommentar frå ansvarleg for verdiskapningsprogrammet i Gilde, Kåre Vold.