Lansera film om teiknbruk
Statped lansera ei bok og filmar om bruk av teikn overfor barn med forsinka språkutvikling. Fyresdal kommune har ei sentral rolle i lanseringa.
Dei er godt førebudd på å møte også framtidige barn med forsinka språkutvikling. Sveinung W. Andersen
Barn som har ei sein språkutvikling brukar ofte teikn som eit viktig reiskap for å gjere seg forstått og forstå. Statped (Statleg pedagogisk teneste) har i samband med dette gjeve ut ei bok og nokre filmar som skal vere til hjelp for lærarar og foreldre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eskil i hovudrolla
Eskil Lund Nordbø (8) er ein gut som er fødd med ein sjeldan kromosomfeil og dyspraksi, motoriske lærevanskar. Dette gjer til at han har eit lite utvikla verbalspråk. Det er den unge fyresdølen som er hovudpersonen i filmane.
– Eskil har mykje han har lyst til å fortelje, og derfor er det viktig at teikn blir ei naturleg form for kommunikasjon både i heimen, på skulen og i fritida, seier W. Andersen, Statped, som har produsert materiellet.
Han legg til at Fyresdal kommune har gjort ein kjempejobb med å leggje til rette for at Eskil skal kommunisere ved hjelp av teikn.
– Det er viktig å hugse på at det ikkje berre er Eskil som må lære å bruke teikn som kommunikasjonsform. Medelevar, lærarar, foreldre, familie og vener må også lære teikna for å praktisere tovegskommunikasjon. Fyresdal kommune har prioritert og gjort ein særs god jobb med dette temaet. Dei er godt førebudd på å møte også framtidige barn med forsinka språkutvikling, forklarer Andersen. Foreldra til Eskil, Annette Lund og Sveinung Nordbø, er godt fornøgde med kommunens innsats og hjelpa dei og Eskil har fått.
– Det har betydd alt for
Eskil. Alt i barnehagen fekk han lære dei fyrste teikna. Kommunen har tenkt breitt slik at nettverket rundt Eskil også har lært å kommunisere med han, seier dei.
Starta tidleg
Eskil har i fem år hatt eigen personleg assistent. Rita Wæthing har fylgd han to år i barnehagen og tre år i skulen. – Det var om å gjere å finne ein alternativ supplerande kommunikasjonsmetode. For Eskil var det teikn som var det lettaste. Men det er viktig å vite at mange må lære. Kroppsspråk er slike teikn, seier ho.
Wæthing har ansvaret for å lære teikn til alle elevane frå 1. til 6. klasse på Gimle skule.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ingen som sit med fasiten korleis ein skal gjere dette. Men medelevane til Eskil har lært seg å vere tålmodige. Eskil har ei gradvis utvikling der han lærer lydspråk smått om senn. Det er utfordrande, men svært interessant, avsluttar ho.
Filmpremieren der Eskil, familien, skulen, vener og kjente var med, blei markert med pizza og brus.
Framgang: Rita Wæthing har vore Eskils assistent i fem år. – Eskil har lært fleire teikn etter kvart. Det same har nettverket rundt han gjort, seier ho.